Familiedag om mørkeret i Aasen-tunet

Mørkt. Foto: Samlaget. Kjede: Ivar Aasen-tunet
Mørkt. Foto: Samlaget. Kjede: Ivar Aasen-tunet
Ida Kornberg. Fotograf: laila Walseth. Foto: Ivar Aasen-tunet.
Ida Kornberg. Fotograf: laila Walseth. Foto: Ivar Aasen-tunet.
Ta med lommelykt og bli med på oppdagingsferd i eit mørklagt museum! På familiedagen i Ivar Aasen-tunet søndag 4. november blir det lesestund frå boka Mørkt og aktivitetar både i mørkeret og lyset.

– På familiedagen skal vi leike med mørkeret og alt som er fint med hausten. Her skal det vere litt spennande, men ikkje for skummelt, seier formidlar Ida Karin Aarflot Kornberg i Aasen-tunet.

Den prisvinnande duoen Gyrid Axe Øvsteng og Per Ragnar Møkleby har igjen skapt ei eksplosiv forteljing med eit kjenslevart utgangspunkt. I Mørkt tematiserer dei redsle på ein høgst original måte. For kva skal ein gjere når det verste ein kan tenkje seg, faktisk skjer? 

Hovudpersonen i boka, Dag, er redd for å bli borte i mørkeret, og han held seg vaken så lenge han kan. Men ein kveld byrjar mørkeret å bråke. Det kjem nærare og nærare, og brått er Dag midt inne i ein bekmørk tornado. I mørkeret møter han Natalia, og motet. Formidlar Ida Karin Aarflot Kornberg opnar familiedagen med å lese frå denne boka.

Etter lesestunda kan borna, gjerne saman med ein vaksen, gå på oppdagingsferd i eit mørklagt museum med eiga lommelykt. Det blir også aktivitetsverkstad i lyse omgivnader, der borna får vere kreative med ulike oppgåver.

I kafeen vil det vere godt med lys, bakst og kakao. Aktivitetane på familiedagen høver for born frå fire år og oppover.

Emneord: 
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.