Soppdag i Ivar Aasen-tunet

Soppdag. Milan Ilic og Olav Opsvik. Foto: Ivar Aasen-tunet.
Soppdag. Milan Ilic og Olav Opsvik. Foto: Ivar Aasen-tunet.
Sjølvplukka sopp kan gi mange smakfulle haustrettar, men du må vere sikker på at det er trygt å ete soppen du har plukka. Søndag 2. september arrangerer Ivar Aasen-tunet soppdag med soppkontroll.

I marka ovanfor Aasen-tunet finn ein soppar av mange slag, men dei aller fleste av oss treng eit blikk frå erfarne soppsakkunnige før vi legg skogens mat i gryta. Søndag vil kontrollør Osvald Grande frå Nyttevekstforeningen i Ålesund vere til stades i Aasen-tunet for soppkontroll og gi råd og tips til dei som ønskjer. Rune Pettersen leier ein sopptur  i marka bak Aasen-tunet for dei som vil ha kyndig selskap undervegs. – Vi vonar mange vil nytte høvet til å kome seg ut og plukke sikker matsopp, seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik i Aasen-tunet og legg til at dette er eit sjeldant høve til å få soppkorga si kontrollert av godkjend kontrollør.

Kaféleiar Milan Iliĉ freistar svoltne soppsamlarar med ein soppinspirert meny i kafeen.

Soppdagen er eit samarbeid mellom Ivar Aasen-tunet og Nyttevekst-foreningen i Ålesund og det er attande året soppdagen blir arrangert.

Emneord: 
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.