Med tigeren og bjørnen til Panama

Familiedag. Foto: Ivar Aasen-tunet.
Familiedag. Foto: Ivar Aasen-tunet.
Søndag 1. oktober ønsker Aasen-tunet velkomen til ein innhaldsrik familiedag. Temaet er reiser, med Janosch-boka «Med tigeren og bjørnen til Panama» som utgangspunkt. I kafeen kan du nyte haustens graskarsuppe med rista tunbrød.

–  På familiedagen blir det fleire spanande oppgåver for barna, seier formidlar Synnøve Marie Sætre i Aasen-tunet, som lovar ein kjekk dag for heile familien.

Lesestund og aktivitetar

I Salen les Solveig Othilie Skare høgt frå Janosch-boka «Med tigeren og bjørnen til Panama». Her får vi høyre om korleis det går når dei to gode vennane legg ut på ei reise saman. Etterpå får barna vere med på og lage sine eigne postkort i teikneverkstaden. Det blir også høve til å følgje ein natursti med reisetema. Her blir det fleire postar langs stien opp mot Høgetua, med oppgåver som barna skal løyse.

Janosch (kunstnarnamn for Horst Eckert) er ein av dei mest kjende tyske barnebokforfattarane. Han har skrive over 150 bøker som er omsett til 30 språk, og forteljingane om ´den vesle tigeren og bjørnen´ er truleg dei mest kjende. Fleire av bøkene er filmatisert som teiknefilmar, og animasjonsserien «Eventyrstund med Janosch» blei tidlegare sendt i Barne-tv på NRK.

 

Solveig Othilie Skare er tunassistent i Aasen-tunet. Ho har ein bachelorgrad i drama og teater frå Høgskulen i Volda, og tek no eit årsstudium i norsk (nordisk) språk og litteratur. 

Emneord: 
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.