Innhaldsrik veke i Aasen-tunet

Ragnar Hovland. Fotograf: Herborg Pedersen. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet.
Ragnar Hovland. Fotograf: Herborg Pedersen. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet.
Duun til Sortland. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet.
Duun til Sortland. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet.
Jan H. Landro. Fotograf: Jan M. Lillebø. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet.
Jan H. Landro. Fotograf: Jan M. Lillebø. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet.
Ragnar Hovland kjem til Aasen-tunet torsdag 4. oktober for å samtale med Jan H. Landro om den neste romanen sin. Onsdag 3. oktober er det klart for eit nytt, gratis litteraturarrangement med fersk bakst, og søndag 7. oktober er det haustens første familiedag.

Ragnar Hovland er ei av dei mest særeigne røystene i norsk litteratur. Sidan debuten Alltid fleire dagar i 1979 har han gitt ut over femti bøker i dei fleste sjangrar, for både vaksne og barn. Han har motteke ei rekkje prisar, mellom anna Kritikerprisen, Brageprisen, Dobloug-prisen og Bastian-prisen.

I den neste romanen til Hovland, Mørk sommar, vaknar historikaren Matteus Olstad av at politiet bankar på døra. Den nærmaste naboen, Olivia Havnen, er blitt drepen i løpet av natta, kvelt i si eiga seng. Same dag dukkar den ti år gamle niesa hans opp, for å bu hos han i sommarferien. Medan politiet arbeider med mordsaka, strevar Olstad med å få ferdig den definitive bygdeboka om Nes kommune. Mysteria i bygda blir djupare og djupare, i bakgrunnen ligg den skremmande skogen, og Olstad kjenner seg stadig meir sentral blant mange mistenkte.

Hovland skal samtale med Jan H. Landro, tidlegare journalist og kulturredaktør i Bergens Tidende. Landro har skrive ei rekkje bøker, og er i dag frilansjournalist og mykje brukt som samtaleleiar og føredragshaldar.

 

Bok og bakverk

– Bok og bakverk er eit arrangement på dagtid for alle som er interesserte i litteratur. Arrangementet er ikkje retta mot ei særskild aldersgruppe, så her kan alle som har høve ta turen, seier bibliotekar Siri Beate Gjerde. Ho presenterer eit utval forfattarar og les utdrag frå bøkene deira. Denne gongen er nokre av utdraga henta frå noveller av Olav Duun, Gaute Sortland, Gunnhild Øyehaug og fleire.

I praktverket Den nynorske litteraturhistoria av Jan Inge Sørbø, finn ein både presentasjonar av store og kjende forfattarar som Aasen, Duun, Vesaas og Garborg, og omtalar av forfattarar vi ikkje kjenner like godt. Under Bok og bakverk-arrangementa i haust vil bibliotekar Gjerde presentere kjende og ukjende forfattarar frå dei ulike sjangrane, lese frå bøkene deira og fortelje litt om kva plass dei har i litteraturhistoria. Bibliotekaren sørgjer også for rykande fersk bakst og kaffi, som gjestene kan kjøpe i kafeen.

 

Familiedag

Søndag 7. oktober er det familiedag med forfattar Rolf Losnegård og boka Det fantastisk geniale freseskyflyet. Det blir aktivitetsverkstad etter lesestunda.

Emneord: 
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.