Over 70 stader får besøk av Bokbåten Epos

Bokbåten Epos er klar for ny rundtur i Møre og Romsdal. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Bokbåten Epos er klar for ny rundtur i Møre og Romsdal. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Vi har kulturprogram på dei fleste stoppa, som passar til både barnehageborn, litt større skoleborn og familiar. Totalt 71 stader får besøk av båten, som er fullasta med bøker, lydbøker og boksekkar. Bokbåten er eit unikt tilbod til mange små stadar i Møre og Romsdal, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

I tida 28. september til og med 6. oktober, er det  stoppestadane sør for Ålesund som får besøk. Frå 17.oktober til 31. oktober er det stoppestadane nord for Ålesund får besøk.

På sørturen er Per Jostein Aarsand med.  Han begeistrar publikum med historia om verdas snillaste og gatas sterkaste hund, Rocky. Jostein fortel og syng  med varme og humor om denne bestekameraten. Per Jostein Aarsand var i fleire år kunstnarisk leiar for Fortellerfestivalen i Oslo. No reiser han rundt med førestillingar og underviser i forteljarkunst i heile landet. I 2013 vart han nominert til Gullsekken for beste skuleførestilling.

På nordturen er Astrid Elise Sæterøy med. Ho tar oss med på ein leiken halvtime med Bolletjuven og andre eventyr. Astrid er utdanna sodespelar ved Nordic Black Theater og HiO, og har turnert i Den kulturelle skolesekken med mange forskjellige framsyningar.

Emneord: 
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.