Straks klar for UKM fylkesfestivalen 2018

Stordal. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Stordal. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.
UKM.
UKM.
Stordal kommune vil i samarbeid med Møre og Romsdal musikkråd og Møre og Romsdal fylkeskommune stå ansvarleg for gjennomføring av fylkesfestivalen 2018. Stordalshallen vil vere hovudarena for framsyningane og i Stordal Bedehus vil ein finne ei flott kunstutstilling, som opnast for publikum laurdag 28. april kl 12.00.

UKM fylkesfestivalen er ein viktig smeltedigel for ung kultur i Møre og Romsdal og består av om lag 400 ungdommar i alderen 13 – 20 år frå våre 36 kommunar. Ungdommane er samla for å bli kjent med kvarandre, utøve det dei brenn for, delta på verkstader og vise publikum kva dei driv med i form av framsyningar og kunstutstilling. UKM er ingen konkurranse, men ein møteplass, visningsarena og ein stad for utvikling av ung kultur.

Denne helga vil ein få med seg 6 framsyningar med eit breitt og høgt kvalitativt innhald innan musikk, dans, drama, film, akrobatikk og mykje meir. Det kjem til å bli spektakulært, rørande, vakkert, grensesprengjande, ja i det heile tatt berre fantastisk flott.

Vi kan love at det definitivt kjem til å bli noko for ein kvar smak.

UKM har for nokon vore eit springbrett vidare innafor sitt kulturuttrykk, medan det for andre igjen har vore ei oppleving der og da. Venskap og samarbeid har blitt knytt gjennom desse festivalane.

Program for heile festivalen vil du finne på:  https://ukm.no/moreogromsdal/

 

Skulle de ha spørsmål, ta kontakt, med Jonas Høgseth (71280453) eller Else Marie Outzen (71280452)

Emneord: 
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.