Førpremiere på Vesaas-opera i Propellhallen

Magnar Åm. Foto: Laila Walseth. Ivar Aasen-tunet.
Magnar Åm. Foto: Laila Walseth. Ivar Aasen-tunet.
Laurdag 1. juli blir det førpremiere på utdrag frå ein opera bygd på Vesaas-romanen Kimen i Propellhallen i Volda.

Komponist Magnar Åm held på å skrive operaen Kimen, basert på romanen av Tarjei Vesaas med same namn frå 1940. Operaen er først klar til framføring neste år, men Festspela byd på ein konsertversjon med nokre av satsane og ariane.

Tidlegare har Åm skrive Vesaas-operaen Is-slottet. Det gav meirsmak, fortel han.

– I språket til Vesaas ligg det så mykje usagt mellom linjene. Det kler godt min måte å skrive musikk på, musikken kan seie mykje av det Vesaas teier om.

Kimen er ein kammeropera, skriven for eit lite ensemble. Med i Propellhallen i Volda er musikarar frå Telemark Kammerorkester – som har bestilt musikken – under leiing av Lars-Erik ter Jung, og dei er supplerte med lokale musikarar. Songsolistar blir Åse Malene Lauvsnes Oddekalv, Ingeborg Fangel Mo og Hjalmar Eiksund. Dramaturg Oda Radoor er librettist.

– Propellhallen gir ein katedralsk klang og er også tenkt brukt til den fulle operaoppsetjinga når den tid kjem, seier Åm.

 

Laurdag 1. juli, klokka19.30–20.30

Propellhallen kulturarena, Volda

Kimen

Kr 200

Emneord: 
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.