Kulturtorget 2018: Frå stumfilm til pop frå Sykkylven

ANGEL AMONGST US med Tendai Makurumbandi er eit av innslaga på Kulturtorget. Foto: Ken Alvin Jensen
ANGEL AMONGST US med Tendai Makurumbandi er eit av innslaga på Kulturtorget. Foto: Ken Alvin Jensen
Kulturtorget 2018 blir arrangert i Molde, onsdag 24. og torsdag 25. januar. Det blir to innhaldsrike dagar med kulturopplevingar innan musikk, scenekunst, litteratur, visuell kunst og film.

Kulturtorget er den viktigaste møte- og visningsarenaen for Kultursekken. Kultursekken er Møre og Romsdal fylkeskommune sitt svar på Den kulturelle skolesekken. Kulturopplevingane er tilrettelagde for alle klassetrinn i grunnskulen og vidaregåande skole.

Variert program

- Målgruppe og deltakarar er lærarar, kunstnarar, skole- og kulturarbeidarar i kommunane, elevar, bibliotekarar, museumsarbeidarar med fleire, seier seksjonsleiar Ragnhild Holsvik, og understrekar at deltakarane har to spennande og innhaldsrike dagar i vente.

Figurteater og stumfilm

Onsdag 24. januar er det opningskonsert med Hanne Kolstø frå Sykkylven. Deretter kan deltakarane sjå fram til ulike forfattarmøte med mellom anna Ingunn Røyset og Linde Hagerup. Grunnskuledeltakarane kan vidare glede seg til Teater Joker si førestilling Brune, barokkonserten La belle dance og meire til.

På torsdag 25. januar får dei oppleve Madame Silvas fantastisk merkelige makabre kabaret i førestillinga Opera Opaque av Yngvild Aspeli. Det er ei førestilling med figurar, skodespelerar og skyggeteater.

Deltakarar frå vidaregåande skole møter mellom anna forfattar Alfred Fidjestøl som har skrive biografien om sjimpansen Julius. Det bli samtidsdans med førestillinga Angels amongst us, og i førestillinga Konflikten blir vi utfordra på korleis meiningane våre blir danna. Førestillinga tar utgangspunkt i konflikten i dagens Israel/Palestina.

Onsdag 24. januar avsluttar vi dagen med ein Stumfilmkonsert for alle i Bjørnsonsalen. Det blir ei filmhistorisk reise med visning av klassiske stumfilmar med improvisert og levande lyd i salen, slik stumfilm vart vist i si tid.

Når startar det?

Kulturtorget vert opna av fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen kl. 1030, deretter er det opningskonsert med Hanne Kolstø.

Du finn meir om programmet i menyen og på facebooksida til kultursekken

Emneord: 
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.