Bibliotekdagen 28 oktober 2015

Bibliotekdagen. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Bibliotekdagen. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Det blir ingen 5-fylkeskonferanse i haust, men i staden ein fagdag – eller «Bibliotekdag» - arrangart av NBF Møre og Romsdal og fylkesbiblioteket i fellesskap. Dagen vil ha to tema: Nasjonalbiblioteket si digitale teneste bokhylla.no og Den nasjonale bibliotekstrategien.

Knytt til opplæringsarbeidet fylkesbiblioteket driv med å gjere bibliotektilsette til «digitale vertar» ønsker vi også å presentere eit sentralt tilbod frå NB, nemleg bokhylla.no.

Her får vi besøk av Anders Kvernberg, bibliotekar ved Nasjonalbiblioteket, og han vil presentere tenesta for oss, og vi har bede han ha spesiell fokus på dette som gjeld lokalhistoriske ressursar, som er eit svært viktig redskap for biblioteka i dykkar arbeid. 

I august i år presenterte Kulturdepartementet og Nasjonalbiblioteket sin Nasjonale bibliotekstrategi for åra 2015-2018. Her ligg det mange interessante signal for oss alle, og også spørsmål for framtida. NBF Møre og Romsdal ønsker fokus på dette, og har invitert førsteamanuensis Øivind Frisvold frå Høgskolen i Oslo og Akershus til å halde ei innleiing om "Bibliotekstrategiar - ny tid, nye bibliotek?"

Det vil også bli nokre kortare innlegg frå mindre bibliotek om same tema - og ein debatt om kva strategien vil bety for biblioteka.

For meir informasjon og påmelding: https://mrfylke.no/Tenesteomraade/Kultur/Fylkesbiblioteket/Kalender-fylkesbiblioteket/(event)/818565

Emneord: 
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.