Bokbåten Epos er klar til å servere bøker og kultur

Epos startar i Vartdal 24. januar og skal tilsaman besøke 66 stader i fylket.  Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Epos startar i Vartdal 24. januar og skal tilsaman besøke 66 stader i fylket. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Onsdag 24. januar legg bokbåten Epos ut på ny rundtur. Totalt 66 stader får besøk av båten denne gonga, og det er tur nummer 104 for Epos her i fylket.

Først ute er Vartdal, Hjørungavåg og Ramstaddal. Det vil som vanleg vere kulturprogram på dei fleste stoppa. Programmet passar for dei frå 3-4 år og oppover. Heile ruta for Møre og Romsdal finn du her

– Epos gir et ekstra litteraturtilbud til mange i Møre og Romsdal, spesielt til barn og unge. Vi håpar mange tek turen ombord for å låne bøker og nyttar seg av kulturtilbud vi har ombord , seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Inspirert av norske folkeeventyr

På sørturen, 24.-31. januar, vil besøkande få sjå Line Møller-Christensen med førestillinga «Fabiolas nøkkelreise». Her blir vi kjent med klovnen Fabiola og følgesvenen hennar, Petter Stjernestøv. Førestillinga handlar om leik, draumar og det å la følelsane ta plass. «Fabiolas nøkkelreise» er inspirert av tradisjonelle norske folkeeventyr, men er og krydra med Fabiolas fabulistiske fantasi, samtidig som det blir opna opp for innspel og interaksjon med publikum.

Skal fremme leselyst og leseglede

På nordturen, 1.-15. februar, har vi med oss Trond Magnum med førestillinga «BOKstavelig talt». Dette er ei humoristisk og sjarmerande førestilling for å fremme leselyst og leseglede. Her får vi smakebitar frå bøker, litt song, musikk, regler og eventyr. Det blir noko gammalt, og noko nytt. Trond Magnum er ein del av Abrakadabra Teateret, som er ei av Noregs eldste frie teatergrupper. Ofte er forestillingane deira ei blanding av humor, alvor, song og musikk, og dei vil gjerne at 

Emneord: 
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.