Vil lage kreativ møteplass i biblioteka

3D-printer. Foto: Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal.
3D-printer. Foto: Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal.
Veit du kva ein skaparverkstad er? Denne veka blir det eit løft for kreativiteten i lokale bibliotek.

19. april arrangerer Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal ein fagdag om skaparverkstad i biblioteka. Skaparverkstad (eller makerspace, som er den internasjonale nemninga) har ei lang internasjonal historie og brer no om seg i Norge. Mange har utgangspunkt i universitetsmiljø, men også fleire bibliotek rundt om i landet har starta eigne skapartilbod. Til fagdagen på NTNU i Ålesund kjem både norske og internasjonale ressursar for å lære lokale bibliotekarar, lærarar, barnehagetilsette og kulturleiarar om denne retninga.

– Ein skaparverkstad går kort og godt ut på at publikum får lære og prøve ut ulike praktiskeferdigheiter. Det er både ein sosial møteplass og ein kreativ læringsarena. Innhaldet kan variere frå koding av små dataprogram til laging av enkle maskiner eller modellar i 3d-print, men inkluderer også meir tradisjonelle ferdigheiter. Det er ei gratis og open form for læring som kan passe alle, seier rådgjevar i Møre og Romsdal Fylkesbibliotek, One Marthe Vik.

Koding og buttons i Ålesund

Laurdag 21. april får publikum ved Ålesund bibliotek være med på ein gratis skaparverkstad. Dette arrangementet er retta mot barnefamiliar, og her får deltakarane mellom anna lære grunnleggjande koding. Dette tilbodet er retta mot aldersgruppa 8-13 år, og krev påmelding i forkant. Andre besøkande kan lage eigne buttons og bygge med Strawbees.

– Leik og skaparglede kan i neste ledd bli til store innovasjonsprosjekt. Det ligg i biblioteka sitt mandat å legge til rette for livslang læring og nye møteplassar, og vi trur at skaparverkstaden er ein svært god måte å gjere dette på, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Emneord: 
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.