Storegutprisen 2018 til Olav Vesaas

Prisvinnar Olav Vesaas. Foto: Cappelen Damm.
Prisvinnar Olav Vesaas. Foto: Cappelen Damm.
Olav Vesaas får Storegutprisen for sin store og livslange innsats for norsk språk og litteratur i skrift og tale – ein innsats som samstundes har vore ei teneste for nynorsken.

Prisen går til ein person, eit lag eller ei verksemd som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk i det offentlege rom.

I grunngivinga si trekkjer Storegutnemnda, som består av leiar Stein Versto, Ragnvald Christenson og Guro Ljone, fram at Olav Vesaas konsekvent har nytta nynorsk gjennom sitt allsidige virke. Både det tala og det skrivne ordet har flyte ledig og vakkert frå hans munn og penn. I kraft av det langvarige virket hans i NRK vart han ei kjend røyst for radiolydande nordmenn, der den normalnynorsk han nytta, samstundes fekk sitt umiskjennelege bygdemålspreg med dei djupe vokalane som har vore eit særkjenne for vinjedialekten. Bakgrunnen hans frå Vinje har såleis vore høyrleg og synleg med han, samstundes som han har vore ei tydeleg nynorskens røyst gjennom eit langt liv som oslobuar.

Virket til Olav Vesaas ber, i skrift og tale, preg av ein djup kjærleik til litteraturen, – ein kjærleik som han nok, bokstaveleg tala, fekk inn med morsmjølka. Både denne kjærleiken, og dåvisst den nære kjennskapen til dei forfattarar han har portrettert, pregar dei biografiske bøkene hans på framifrå vis. Som litterat og granskar har han pusta djupt og inderleg i diktinga gjennom eit langt liv. Det har vore eit liv med og for litteraturen og det nynorske språket, på eit vis som til fulle kvalifiserer til Storegutprisen.

Storegutprisen har namnet sitt etter ein sentral figur i Aasmund O. Vinjes dikting, og vinnaren får ein bronsestatuett laga av bilethoggaren Kjell Grette Christiansen. Laurdag 25. august tek Olav Vesaas i mot heideren i samband med festkvelden i Edland under Litteraturdagane i Vinje. Det er Medlemslaget Litteraturdagane i Vinje som står bak Storegut-arrangementet.

Litteraturdagane i Vinje er 24.–26. august med nær 40 arrangement på fem stader i Vinje, Edland, Smørklepp, Vinje, Åmot og Rauland, dessutan i Bø og Dalen. Festivalpass og billettar er lagde ut for sal, og meir informasjon står på Litteraturdagane.no.

 

Grunngivinga:

Storegutprisen 2018 til Olav Vesaas

Olav Vesaas får Storegutprisen for sin store og livslange innsats for norsk språk og litteratur i skrift og tale – ein innsats som samstundes har vore ei tenest for nynorsken.

Olav Vesaas er fødd i Vinje i Telemark 21. desember 1935, og vaks opp i diktarheimen Midtbø som son av forfattararane Halldis Moren og Tarjei Vesaas, saman med søstera Guri Vesaas. Han tok lærarskuleeksamen i 1959 og cand. philol-eksamen med nordisk hovudfag ved Universitetet i Oslo i 1968. Same året vart han tilsett i NRK, og kom der, i hovudsak, til å arbeide med litteratur- og kulturprogram i radio. I perioden 1974 til 1990 var han programleiar for den nærast legendariske programposten Språkrøret saman med Finn Erik Vinje. Han arbeidde for NRK i tretti år, frå 1968 til 1998, med eit toårig opphald (1978-80) der han virka som forlagssjef i Det Norske Samlaget. I NRK la han òg ned ein stor innsats med dokumentasjon av samtidslyrikarar i NRKs historiske arkiv.

 

Som forfattar har Olav Vesaas skrive fleire litterære biografiar – Løynde land om Tarjei Vesaas (1995, 2018), Å vera i livet – ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007) og Ein tankens hærmann om A.O. Vinje (2001). Han har redigert fleire antologiar med norsk litteratur, m.a. Blomar veks i såret med dikt av A.O. Vinje (1975); Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985) og Tarjei i tale (1997); Tarjei Vesaas’ beste (1997); Rolf Jacobsen – en stifinner i hverdagen (1994); og han redigerte telemarksboka med tittelen Telemark – dikt og draum (1992).

Olav Vesaas har elles vore medlem av ulike litteraturutval i Norsk kulturråd; han har sete i styret for Nordens hus på Island og styret for Norsk-finsk kulturfond; han har sete i Norsk språkråd; og han har vore medlem i Bokklubbens lyrikkutval. Han var med å setje i gang Litteraturdagane i Vinje i 2001, og hadde i mange år ei heilt sentral rolle i programma på festivalen. Likeeins har han vore aktiv som formidlar under 200-årsjubileet for Aasmund Olavson Vinje i 2018. Dei siste åra har han, saman med søster Guri Vesaas og dotter Hilde Vesaas, opna diktarheimen Midtbø kvar sommar for publikum, med omvisingar og forteljing om diktarparet på Midtbø.

Han er elles ein mykje nytta opplesar av norsk skjønnlitteratur, og særleg diktinga til foreldra.

Gjennom sitt allsidige virke har Olav Vesaas konsekvent nytta nynorsk. Både det tala og det skrivne ordet har flyte ledig og vakkert frå hans munn og penn. I kraft av det langvarige virket hans i NRK vart han ei kjend røyst for radiolydande nordmenn, der den normalnynorsk han nytta, samstundes fekk sitt umiskjennelege bygdemålspreg med dei djupe vokalane som har vore eit særkjenne for vinjedialekten. Bakgrunnen hans frå Vinje har såleis vore høyrleg og synleg med han, samstundes som han har vore ei tydeleg nynorskens røyst gjennom eit langt liv som oslobuar.

Sidan Storegutprisen blir dela ut under Litteraturdagane i Vinje, er det naturleg å seia litt om innsatsen Olav Vesaas har ytt for denne festivalen. Han var med å setje i gang festivalen i 2001, der A.O. Vinje var tema i samband med lanseringa av biografien om Vinje, som kom ut det året. Frå då av vart det lagt ein mal for denne festivalen som Litteraturdagane kom til å følgje i mange år, der hovudgjestene vart presenterte biografisk på festivalens første dag, og diktinga til vedkomande den neste dagen. Olav Vesaas hadde ei sentral og viktig rolle under festivalprogramma gjennom femten år, frå 2001 til 2016. Ei rekke av våre fremste forfattarar har vore ”bada” under hans kunnige leiing i hovudprogrammet festivallaurdagen, og i mange tilfelle har dei òg vore innlosjerte på Midtbø, noko som nok har vore med å gjera deltaking på Litteraturdagane i Vinje til ei spesiell oppleving for dei forfattarane det gjeld.

Virket til Olav Vesaas ber, i skrift og tale, preg av ein djup kjærleik til litteraturen, – ein kjærleik som han nok, bokstaveleg tala, fekk inn med morsmjølka. Både denne kjærleiken, og dåvisst den nære kjennskapen til dei forfattarar han har portrettert, pregar dei biografiske bøkene hans på framifrå vis. Som litterat og granskar har han pusta djupt og inderleg i diktinga gjennom eit langt liv. Det har vore eit liv med og for litteraturen og det nynorske språket, på eit vis som til fulle kvalifiserer til Storegutprisen.

 


Emneord: 
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.