Edvard Hoem og Amal Aden til 5-fylkeskonferansen i Ålesund

Logo 5-fylkeskonferansen for bibliotektilsette.
Logo 5-fylkeskonferansen for bibliotektilsette.
Med tema språk, mangfald og kommunikasjon samlar nærare 100 bibliotektilsette frå fem fylker seg til konferanse i Ålesund, 15. – 17. oktober. - Konferansane er ein viktig fagleg og sosial møteplass for dei bibliotektilsette, seier Ellen Kristin Molvær, fylkesbiblioteksjef i Møre og Romsdal.

Årets konferanse vil hovudsakeleg ha eit fokus på «språk, mangfald og kommunikasjon», og Molvær har tru på at det mangfaldige programmet vil falle i smak hos deltakarane.

- Vi er stolte av å ha fått til eit veldig spennande program med mellom anna Maria Parr, Edvard Hoem og Amal Aden mellom innleiarane, fortel Molvær.
I tillegg til det faglege innhaldet får deltakarane også moglegheit til å oppleve litt av nærområdet.  

- Vi har lagt opp eit program der det i tillegg til godt fagleg påfyll, også blir høve til å delta på ei historisk byvandring i jugendbyen Ålesund – eller ta båten over fjorden til Sula for å sjå på «eksempelbiblioteket» vi har der, seier Molvær. 

Konferansen er lagt til Rica Parken Hotel, men den 16. oktober vil heile dagsprogrammet gå føre seg i Ivar Aasen-tunet i Ørsta.

Konferansen er eit samarbeid mellom fylkesbiblioteka i Hedmark, Oppland, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag og Møre og Romsdal, og ambulerer mellom fylka. - Dette er den åttande konferansen i rekka, og i år er det vår tur til vere arrangør. Vi er både stolte og spente over å kunne sette Møre og Romsdal sitt avtrykk på denne konferansen, avsluttar Molvær.

 

Pressemelding:  Skrevet av: Elin Johanson Lyngstad

Emneord: 
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.