Over 25 000 artiklar på Allkunne.no

2.	Skjermdump av framsida på nettstaden 13.12.2017. Foto: Nynorsk kultursentrum.
2. Skjermdump av framsida på nettstaden 13.12.2017. Foto: Nynorsk kultursentrum.
Redaktør Per Magnus Finnanger Sandsmark. Foto: Anders Aanes/ Nynorsk kultursentrum
Redaktør Per Magnus Finnanger Sandsmark. Foto: Anders Aanes/ Nynorsk kultursentrum
Det nynorske oppslagsverket Allkunne.no publiserte artikkel nr. 25 000 i dag. Artikkelen om den franske presidenten Emmanuel Macron var den som nådde milestolpen.

Allkunne.no finst for at nynorskbrukarane skal finne innhald om det dei er interesserte i, på sitt eige språk, på nett. Med artiklar om alt frå ulv og Angela Merkel til Olaug Nilssen og svartmetall er vi på god veg. Vi publiserer 2 000–3 000 nye artiklar i året om alle emna i verda. Det er viktig folkeopplysing og språkrøkt, seier redaktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Allkunne.

Allkunne blei skipa i 2008, og er eit allment oppslagsverk på nynorsk, som er eigd og drive av Nynorsk kultursentrum. Artiklane er skrivne og kvalitetssikra av fagfolk, vurderte av ein tverrfagleg redaksjon og språkvaska. Dei siste dagane har det blitt publisert nye artiklar om blant anna kronprins Haakon, norske aviser, forfattarar og internasjonale biletkunstnarar. – Aldri har meir kvalitetssikra informasjon på nynorsk vore tilgjengeleg på nett, seier Sandsmark.

I overkant av 700 unike brukarar les artiklane på Allkunne.no kvar dag. Allkunne er også største nordiske oppslagsverket i  sosiale medium. – Det er vi stolte av. Det tyder at folk set pris på innhaldet vi produserer og deler med dei. Sjølvsagt vil vi, og må vi, nå ut til fleire. I ei verd der informasjonsmengda er overveldande treng folk endå meir kvalitetssikra og redigert innhald, avsluttar redaktøren.

For meir informasjon: Redaktør Per Magnus Finnanger Sandsmark, tlf. 70 04 75 98 eller 908 12 196

Emneord: 
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.