Forvaltninga av verdsarvfjordane må sterkare på banen

Foto: Verdsarv, Vestnorsk fjordlandskap
Foto: Verdsarv, Vestnorsk fjordlandskap
Vestnorsk fjordlandskap representert ved Geirangerfjorden- og Nærøyfjorden med omland vart i 2005 innskriven på UNESCO si liste over verdas natur- og kulturarv. Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap har som si fremste oppgåve å arbeide for å ivareta og fremje verdsarvstatusen tildelt Geirangerfjord- og Nærøyfjordområdet i fellesskap.

Forvaltninga av verdsarvfjordane må sterkare på banen

Under Grøn fjord Konferansen i Geiranger sist veke fekk vi både presentert og demonstrert det nyaste innan grøn, utsleppsfri teknologi knytt til ferdsel i verdsarvfjordane. Norsk maritim skipsfart går framfor og viser veg for korleis verdsarvfjordane kan verte utsleppsfrie område og døme for andre marine verdsarvområde på kloden.

No er tida inne for at forvaltninga av verdsarvfjordane kjenner si besøkstid. I Stortingsmelding 35 (2012-13) og 19 (2016-17) heiter det at «Norske verdsarvområde skal utviklast som fyrtårn for den beste natur- og kulturminneforvaltinga». Vi må utvikle verdsarvfjordane til GRØNE FYRTÅRN også i norsk forvaltning. Vi må snu blårøyk, eksos, trafikkaos og fråflytting – til grøne, reine og  levande fjordsamfunn i vekst. Strengare regulering som kan fremje låg- og nullutsleppsfri ferdsel både på fjord og land må på plass, slik at næringsaktørar som har mot til å investere i slik teknologi, ikkje vert straffa med at andre aktørar seglar inn og tek marknadsposisjonar med utrangert materiell til lågare pris.

14. november 2017 vart Norge valgt inn som medlem av UNESCO sin prestisjetunge verdsarvkomité.  Det kviler difor eit ekstra stort ansvar for Norge å vise veg i god forvaltning av sine verdsarvområde dei neste 4 åra. Statsparten Norge kan ikkje sitje i verdsarvkomiteen og samstundes ikkje klare å løyse utfordringane med forureining i verdsarvfjordane. Vi helsar difor strengare regulering for sjøfarten frå Sjøfartsdirektoratet velkommen og vi utfordrar samstundes ei samla forvaltning av Vestnorsk fjordlandskap til å gjere modige grep som kan støtte opp under visjonen om «sporlaus ferdsel» i verdsarvfjordane i åra framover. Norge kan gjennom god forvaltning velje å nytte verdsarvfjordane som grøne fyrtårn for resten av verda. Vi er overtydd om at dette vil få positive verknader for norsk maritim skipsfart, samstundes som det vil skape meirverdiar i lokalt reiseliv, og meir robuste fjordsamfunn for framtida, og samstundes sikre varige verdsarvverdiar for framtidige generasjonar. 

Aldri før har vi klart å samle så mange relevante forvaltningsnivå og viktige aktørar med vedtaksmakt for verdsarvfjordane under eitt tak, som under Grøn fjord Konferansen sist veke (kommunane, fylkeskommunane, fylkesmannen, lokal forvaltning verneområda, Sjøfartsdirektoratet, Miljødirektoratet, Klima- og miljødepartementet, Statens Vegvesen, Nasjonal Turistveg, Kystverket, hamnevesen). Det er no på høg tid at ALLE forvaltningsnivå gjere sitt for å nå nasjonale målsettingar.

Leiarskapet i Verdsarvrådet vil i tida framover ta ei rekke nye initiativ for å følgje opp Grøn fjord Konferansen:

-          Invitere alle cruiserederi som opererer i verdsarvfjordane til eit dialogmøte kring forureining i verdsarvfjordane

-          Invitere alle forvaltningsnivå i Vestnorsk fjordlandskap til eit samla møte kring våre miljøutfordringar på fjord og land

-          Hente og dele erfaringar for god verdsarvforvaltning gjennom UNESCO sitt marine verdsarvprogram

 

-          «Det mest gledelege ved Grøn fjord konferansen 2018,  var å registrere alle som står vakt om miljøet i si alminnelegheit og verdarven i særdelesheit. Igjen er det stovereint og «inn» å snakke fram miljøsaka. Det er gjort kvantesprang i utvikling av ny miljøvenleg teknologi, og her har privat sektor brøyta løype. Offentlege mynde må no følgje opp med regelendringar som gjer det trygt og lønsamt å satse på lav- og nullutsleppsløysingar både på land og sjø. Verdsarven representerer både ein særleg verdi og eit særleg ansvar for  statsparten, dvs. i dette tilfellet Noreg. Han er ikkje eit norsk særeige, men eit sameige for alle menneske på kloden. Difor vil generell nasjonal  politikk ikkje alltid heimle nødvendige tiltak som krevjast for ivareta og fremje arven. Døme på tema der det er tidskritisk å utvikle «ny politikk»,  er innafor forureiningsfeltet og kulturlandskapspleie. Verdsarvrådet for Vestnorske fjordlandskap, har definert desse som særlege satsingsområde i tida framover», stadfester leiar av Verdsarvrådet Arne Sandes. 

-          «Grøn Fjord konferansen 2018 viste tydleg at det er store moglegheiter for å foredla Noreg som reiselivsnasjon. Dette kan gjerast gjennom å ta i bruk moderne, rein teknologi. Og, mest gledeleg av alt, aktørar i reiselivsbransjen er klare. For Nærøyfjordområdet bør fyrste steg vera å tilby sporlaus ferdsel gjennom verdsarven. Med tog kjem du til og frå Flåm, med ny heilelektrisk båt kjem du til og frå Gudvangen, så då er det bussen frå Gudvangen til Voss som står att. Med den på plass, kan du reisa sporlaust i Vestnorsk fjordlandskap, både frå Oslo og Bergen. Mil etter mil med sporlaus ferdsel – det fortener både verdsarven og klimaet», avsluttar Hans Erik Ringkjøb, nestleiar av Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap.

Kontaktinfo:

Arne Sandnes, leiar Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap, arne.sandnes@norddal.kommune.no Tlf: 976 69 990.

Hans Erik Ringkjøb, nestleiar Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap, Hans.Erik.Ringkjob@voss.kommune.no Tlf: 971 38 720.

Emneord: 
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.