Kulturrådet med støtte til forskningsprosjekt «fogderifylket Møre og Romsdal»

Møre og Romsdal fylke. Digitalisert av SEDAK.
Møre og Romsdal fylke. Digitalisert av SEDAK.
Forskingsprosjektet «Fogderifylket Møre og Romsdal» er eit fellesprosjekt mellom Romsdalsmuseet, Sunnmøre museum, Nordmøre museum, Ivar Aasen-tunet og Stiftelsen Kulturkvartalet/Kunstmuseet Jugendstilsenteret og Kube, der førstekonservator Mads Langnes ved Romsdalsmuseet har vore koordinator for søknadsarbeidet. Møre og Romsdal er kjent for å vere eit «fogderifylke» kjenneteikna av ei rekkje utfordrande konfliktar. Det blir hevda at det er større skilnader og eit høgare konfliktnivå internt enn i dei fleste andre fylke – og at dette framleis gjer seg gjeldande i dag. Ønsket med dette prosjektet er difor å forske på identitetar, kultur, brytningar og samarbeid i dette geografiske området, som eit fellesprosjekt mellom museumsinstitusjonane i fylket.

I dette prosjektet tek ein mål av seg til å utfordre relevansen av og problematisere i kva grad og på kva vis dei historiske skiljelinene og konfliktane, og dei potensielt førestilte fellesskapa og førestilte skiljelinene, er samtidsaktuelle faktorar i området også i dag og inn i framtida.

Til saman vil dette vere eit forskingsprosjekt som tek utgangspunkt ikkje berre i å skildre dei regionale, administrative, identitetsmessige og kulturgeografiske skilnadane i eit kulturhistorisk perspektiv, men som skal leggje vekt på å utfordre og problematisere i kva grad og på kva vis desse historiske skiljelinene er samtidsaktuelle faktorar i området i dag. Musea er også sjølve ein part i dette i eit metaperspektiv, med si historiske rolle som forvaltarar og formidlarar av fogderivise særtrekk og identitetar, men der ein no ønskjer å vere med på å utfordre og overskride desse historiske fenomena inn i eit samtidsperspektiv. Dette skal gjerast ved å gjennomføre eit forskingsprosjekt som skal finne årsaksforklaringar bak dei fogderioverskridande brytningane, konfliktane og samarbeida desse skiljelinene har medført sidan opprettinga av amtet/fylket i 1671 og fram til i dag, og som skal leggje vekt på å forklare og utfordre relevansen av desse potensielt førestilte fellesskapa og førestilte skiljelinene inn i samtida og framtida. Dette vil også medføre at det er naudsynt å analysere dagens aktørar, med tanke på i kva grad og eventuelt på kva måte konfliktane blir reproduserte også inn i framtida.

Ved å lansere «Fogderifylket Møre og Romsdal» som forskingsfelt, vil musea moglegvis også trø inn på eit felt som dels kan opplevast som kontroversielt både politisk, i media og hjå publikum. Dette vil etter vår meining likevel berre auke relevansen av prosjektet, då eit auka kunnskapsgrunnlag om fenomenet/emnet, ikkje minst som samtidshistorie, er ei oppgåve som både kan vere med på å forklare skilnadane og potensielt gje eit auka kunnskapsgrunnlag som kan ha ein forsonande funksjon – sjølv om det siste ikkje i seg sjølv kan vere eit mål med forskingsprosjektet. Det vil i så høve vere viktig å vere bevisst på at historikaren, i dette tilfellet museumsforskarane, ikkje skal ha ei rolle som identitetsdannande regionbyggar som utgangspunkt i eit slikt prosjekt, men leggje vekt på forskingsetiske prinsipp og sannferdig framstilling – inkludert ei vurdering av eigne synsstader og posisjonar i prosjektet.

Resultatet av forskingsprosjektet skal formidlast via ein eigen fagfellevurdert forskingspublikasjon (bok og nettpublikasjon) og via tradisjonelle formidlingsplattformer i museumsvesenet som moglegheit for utstillingar, populærvitskaplege foredrag, kåseri og arrangement.

 

For meir informasjon i saka, kontakt prosjektkoordinator eller dei einskilde musea:

  • Prosjektkoordinator: førstekonservator Mads Langnes, Romsdalsmuseet. Tlf.: 95129067,         e-post. mads@romsdalsmuseet.no
  • David Berg Tuddenham, 918 97 433, david@romsdalsmuseet.no
  • Sunnmøre museum: 70 16 48 70
  • Nordmøre museum: 71 58 70 00               
  • Ivar Aasen-tunet: 70 04 75 70
  • Stiftelsen Kulturkvartalet/Kunstmuseet Jugendstilsenteret og Kube: 70 10 49 70

 

Linkar:

Kulturrådet har i dag delt ut midlar til utviklingsprosjekt i museum over heile landet: https://www.kulturradet.no/museumsutvikling/vis-artikkel/-/pm-51-millioner-til-23-museumsprosjekter

For å stimulere forsking i museumssektoren, er det delt ut til saman kr 11,7 millionar over prosjektperioden 2018-2010.

Prosjektet «Fogderifylket Møre og Romsdal  eit forestilt fellesskap? Identitet i eit grenseland» fekk ei løyving på til saman kr 903 000 for dei tre åra, jf: https://www.kulturradet.no/stotteordning/-/vis/forskning-i-museer/tildelinger

Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.