Bokbåten til Møre og Romsdal i tida 9. september til 2. oktober

Epos. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Epos. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Bokbåten Epos legg frå kai i Ålesund tysdag 9.9. Første stopp er Stokksund på søre Sunnmøre. Epos skal besøke 71 stader med utlån av bøker og framsyningar. Nytt stopp er Søvik i Haram kommune. Båten er som vanleg fullasta med bøker, lydbøker og boksekkar.

På turen har vi med oss Amir Mirzai frå 9. september til 21. september. Amir er oppvaksen i ein rik forteljartradisjon i Iran og har samla forteljingar i lang tid. Han har oversett eit stort utval av persisk skjønnlitteratur og prosa til norsk, siste utgjevinga er Papegøyen og Kjøpmannen som vi har til utlån her på Epos. Som forteljar auser han av heile verdens eventyrarv. For dei eldste barna fortel han og frå ein uvanleg barndom, frå eit liv i krig og i eksil. I samspel med publikum skreddarsyr han førestillinga, og held på denne måten ved like ein fleire tusen år gamal tradisjon.

Kristin Groven Holmboe blir med frå 22. september til 2. oktober. Ho har utdanning som songar og vokalpedagog frå Østlandets Musikkonservatorium og hadde sin songdebut med konsert i Universitetets Aula i 1989. Ho har dirigert fleire korheilt sidan 1982. Forutan å ta på seg enkelte solistoppdrag, gir ho private songtimar, og er tilknytt Universitetet i Oslo som timelærar i song.

På bokbåten Epos vil ho få med både små og store, og lage eit fantastisk «bokbåtkor» .

Emneord: 
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.