Biblioteka som sentral arena for kultur og samfunnsdebatt

Direktør for Nasjonalbiblioteket, Aslak Sira Myhre kjem til biblioteksjefsmøte i Ålesund.
Direktør for Nasjonalbiblioteket, Aslak Sira Myhre kjem til biblioteksjefsmøte i Ålesund.
«Det modige bibliotek» er eit av fleire tema når Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal inviterer fylkets biblioteksjefar til to dagars seminar om bibliotekutvikling og korleis biblioteka skal handtere utfordringane dei står ovanfor. Seminaret blir arrangert på Quality Hotel Waterfront i Ålesund 5.-6. april.

Det modige bibliotek handlar verken om kontroversielle bøker i samlingane eller om å sleppe til ytterliggåande stemmer på biblioteka. Mot handlar om å ta utfordringar og sjansar, utan å  vere sikker på å lykkast. Aslak Sira Myhre, direktør for Nasjonalbiblioteket, er ein av dei som skal halde innlegg om dette temaet.

Visjonar, planlegging, prioritering og gode eksempel står også på programmet. Opninga er ved  Møremusikarane, som skal presentere eit utdrag frå sin nye produksjon «Ordspel».

– Vi ser fram til desse dagane, seier fylkesbiblioteksjef Annette Elin Koch. Vi håpar variasjonen i programmet vil gi kompetansepåfyll  og inspirasjon til deltakarane, seier ho vidare.

Tiltak for å fremme bibliotekutvikling, har dei siste åra vore høgt prioritert av Møre og Romsdal fylkeskommune. Vi har saman med folkebiblioteka gjennomført fleire felles utviklingsprosjekt innan sektoren.  Frå i år har biblioteka også høve til å søkje om arrangementsstøtte frå fylkeskommunen.  – Biblioteka er sentrale arenaer for kultur og samfunnsdebatt. Det ønskjer vi å støtte opp om. I biblioteka skal det vere rom for alle, uansett bakgrunn, avsluttar fylkesbiblioteksjefen.   

Emneord: 
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.