Nye avsløringar om Ivar Aasen!

Ivar Aasen. Pressebilete. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet.
Ivar Aasen. Pressebilete. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet.
Ottar Grepstad. Foto: Sunniva Lund Osdal.
Ottar Grepstad. Foto: Sunniva Lund Osdal.
Ellen Nicolaysen. Pressefoto. fotokjelde: Ivar Aasen-tunet.
Ellen Nicolaysen. Pressefoto. fotokjelde: Ivar Aasen-tunet.
Det kjem nye avsløringar om Ivar Aasen når 205-årsdagen hans blir markert søndag 5. august i Ivar Aasen-tunet. Ottar Grepstad presenterer den nye Aasen-bibliografien, og Ellen E. Nicolaysen ved Nasjonalbiblioteket fortel om bibliograf og boksamlar Anton Aure frå Romsdal.

– I arkiva ligg det løyndomar om samarbeidet mellom Vinje og Aasen, der er Aasen-tekstar ingen har merka seg, og eg har funne ei sjeldan forteljing om korleis han oppførte seg på reisene sine, fortel Ottar Grepstad. I 2013 gav han ut den kritikarroste biografien «Historia om Ivar Aasen». Det han fortel på søndag, visste han ikkje noko om då han skreiv den boka. – Med Aasen-bibliografien har eg vel snart sagt mitt om Ivar Aasen, seier Grepstad.

– Anton Aure frå Fræna døydde i ung alder, men kom langt i arbeidet sitt med å lage eit totalt oversyn over blad og bøker på nynorsk og dialekt. Arkivet etter han i Nasjonalbiblioteket inneheld både trykkjeklare manuskript til bøker og mykje anna som er med og gir eit portrett av den svære boksamlinga hans, fortel Ellen E. Nicolaysen. Ho arbeider med ei masteroppgåve om samlingane etter Aure og fortel for første gong om det ho har funne.

På fødselsdagen til Ivar Aasen serverer Aasen-tunet gratis kake, og det er eit spesialtilbod på Aasen-bibliografien både søndag og måndag. Den nye temautstillinga om språk og identitet som hadde premiere i juni, heng framleis oppe.   

 

SØNDAG  5. AUGUST

17.00 Salen, Ivar Aasen-tunet

Arkiverte løyndomar

Ottar Grepstad: Nye avsløringar om Ivar Aasen

Ellen E. Nicolaysen: Anton Aure – portrett av ein samlar og ei samling

Gratis

Emneord: 
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.