– Skal styrke Møre og Romsdal som kulturfylke

Geir M. Brungot frå Sykkylven får 200 000 i kunstnarstipend. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Geir M. Brungot frå Sykkylven får 200 000 i kunstnarstipend. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Kultur- og folkehelseutvalet vedtok å tildele kunstnarstipend for 2016 til åtte ulike kunstnarar. Totalt vart det delt ut 600 000 kroner, som skal vere med å styrke Møre og Romsdal som kulturfylke.

-Kunstnarstipend skal gje kunstnarar høve til å fordjupe seg i større prosjekt. Vi er glade for at vi i år kan tildele eit stort arbeidsstipend som vil gje Geir M. Brungot moglegheit til å utvikle kunsten sin vidare. Vi håpar og trur at dei sju mindre stipenda også kjem godt med, seier utvalsleiar  Marit Nerås Krogsæter.

Auke i stipendordninga

I fjor vedtok utvalet å auke den økonomiske ramma for stipendordninga frå 400 000 kroner til 600 000 kroner. 200 000 kroner av desse er øyremerka eit stort stipend til ein søkar innan visuell kunst. Auka i ramma for kunstnarstipenda, har gjort det mogeleg å gje noko større stipend til mottakarane, slik at dei i større grad enn før, kan fordjupe seg i sitt kunstnarlege virke. Søkarane innan visuell kunst, fekk høve til å bli vurdert både til det store øyremerka stipendet, og til den resterande stipendsummen på 400 000 kroner.

Målet for ordninga er å bidra til å fremje profesjonell kunstfagleg aktivitet av høg kvalitet blant kunstnarar som bur og arbeider i fylket. Stipendet gir kunstnarane høve til å fordjupe seg og arbeide med nyskapande utviklingsarbeid innan sitt kunstfelt.  

– Auka i Kunstnarstipendet har også gjort det mogleg å gje stipend til fleire kunstnarar enn tidligare. Det gjer at fleire kunstnarar innanfor film, litteratur, visuelle kunstartar og musikk no får betre vilkår, og at Møre og Romsdal er styrka som kulturfylke, seier Krogsæter.

Fagleg grunngjeving

Stiftinga Kulturkvartalet, Norsk forfattersentrum Midt-Norge og Vestnorsk filmsenter, har vore sentrale samarbeidspartar for fylkeskommunen i vurderinga av søknadane, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

25 søkarar

Kunstnarstipendet til Møre og Romsdal fylkeskommune har vore utlyst med søknadsfrist 15.april 2016. Då fristen gjekk ut, var det til saman 16 søkarar innan visuell kunst, tre søkarar innan musikk, tre søkarar innan litteratur, ein søkar innan scenekunst og to søkarar innan film, 25 søkarar totalt. 

I samsvar med statuttane er det lagt særleg vekt på følgjande i vurderinga: 

  • Kunstfagleg aktivitet av høg kvalitet
  • Kunstnarisk utvikling
  • Kunstnarisk nyskaping

Det er også eit viktig kriterium at Kunstnarstipendet i størst mogleg grad kjem kunstnarar innan alle kunstsjangrar til gode.

Følgjande søkjarar er tildelt kunstnarstipend for 2016:

Visuelle kunstartar – stipend på 200 000 kroner:  Geir M. Brungot, Sykkylven

Visuelle kunstartar:

  1. Liv Dysthe Sønderland, 70 000 kroner, Molde
  2. Magnhild Opdøl,  70 000 kroner, Ålvundeid

Musikk:

  1. Jorun Marie Kvernberg , 80 000 kroner, opphaveleg frå Fræna. Bur i Volda

Litteratur:

  1. Bjørn Vatne, 50 000 kroner, Ålesund
  2. Øystein Hauge, 30 000 kroner, Fræna

Film:

  1. Jan Otto Ertesvåg, 60 000 kroner, Ålesund
  2. Øystein Frøyland,  40 000 kroner, Volda

 

Alle stipenda blir delt ut i samband med fylkestinget i Ålesund 13. juni 2016 kl 11.00. 

Emneord: 
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.