Seniorkveld m/Torill Berg på ski over Grønland.

Torill Berg. Fotokjelde: Skodje Pensjonistlag.
Torsdag, 26 mai, 2016 klokka 17:00

Kva vert det neste? Det tenkte Torill Berg frå Skodje etter å ha bestege både Kilimanjaro og høge fjell i Sør-Amerika. Valet fall på Grønland, og 25 harde dagar og 600 km. på ski over isen.

Ei oppleving for livet, seier Torill, ein kjem til det innerste i seg sjølv. Torill sit att med gode opplevingar. I april i 2015 gjekk ho i eit følgje på 9 på ski over Grønland, frå vest til aust. Vi var ein fantastisk gjeng, der alle jobba hardt for å nå målet – å gå på tvers over Grønland.
No kjem Torill til Seniorkvelden vår og vil fortelje, og vise bilete både frå planlegging og gjennomføring av turen, og om dei store opplevingane ho hadde desse 25 dagane. Om opptrening, månelandskap, om å vere verfast 17. mai, om snøstorm og soloppgang, og om faste rutiner på vegen over Grønland.

Alle Seniorkveldane våre er opne for alle interesserte. Bill. kr. 60,-
Mat og kaffe – Åresal – Allsong -- Musikk: Kåre Myren.

Stad
Klubbhuset Skodje IL
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.