Seniorkveld: Foredrag om Løypestrengar og Taubaner og konsert med Paul Sandanger.

Løypestrengar og taubanar. Fotokjelde: Skodje Pensjonistlag.
Torsdag, 28 januar, 2016 klokka 17:00

Løypestrengar, taubaner og anna i Verdsarvbygda Norddal og Konsert og gode historier.

Arne Nydal: Løypestrengane hadde historisk sett ei relativt kort brukstid, berre 50-70 år., men dei var særs viktige for dei som nytta dei. Både høy og ved kom susande ned løypestrengane. Taubana kunne frakte både mjølk, mat og andre varer. Både løypestrengar og taubaner var viktige for sambandet mellom fjordgardane, sætrane, og bygda nede i dalen.
Boksal under seniorkvelden.

Paul Sandanger vitja oss i 2014 med temaet ”El. sikkerheit i heimen”. Det viste seg den gongen at Paul hadde fl eire strengar å spele på. Han hadde ei
flott songstemme, og etter foredraget sitt i 2014 heldt han ein minikonsert for oss. No kjem han attende til Skodje og vil halde konsert og fortelje gode
historier. Vi gler oss til å møte Paul Sandanger igjen og høyre hans fl otte songstemme og høyre hans mange gode historier.

Alle Seniorkveldane våre er opne for alle interesserte. Bill. kr. 60,-.
Allsong – Åresal – Mat og kaffe – Musikk: Kåre Myren.

Stad
Klubbhuset Skodje IL
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.