Score - symfonisk datamusikk

(ARTWORK USED BY KIND PERMISSION OF MICROSOFT). Fotokjelde: Ålesund kommune, kultur.
(ARTWORK USED BY KIND PERMISSION OF MICROSOFT). Fotokjelde: Ålesund kommune, kultur.
Søndag, 4 mars, 2018 klokka 17:00

SCORE spelmusikk-konsert

Dersom du er mellom 18 og 40 år, er spelmusikk eit kjend omgrep. Kanskje du vaks opp på 1990- og 2000-talet med Mario, Zelda, Sonic og Megaman som  ekstra bestevenner, eller på 2010-talet og framleis er aktiv spelar og elskar fantasyspel som World of WarcraftSkyrim og Halo? Då har du mest sannsynleg eit ganske lidenskapeleg forhold til spelmusikken til dine favorittspel. Om du er ein tradisjonell operapublikummar som elskar klassisk musikk og opera, er spelmusikk mest sannsynleg ukjend og framand og «ikkje noko for deg». Trur du. Likar du filmmusikk? Då vil du garantert like spelmusikken til SCORE!

Helga 2. -4- mars 2018 skal Opera Nordfjord på konsertturné til Sogndal, Nordfjordeid og Ålesund med spelmusikkonseptet SCORE frå Sverige, og då inviterer vi ALLE som elskar god, symfonisk, akustisk musikk på ei oppleving du seint vil gløyme. Spelentusiast, rockar og konferansier Orvar Säfström og sopransolist Sabina Zweiacker skal saman med operaorkesteret, samansett kor og dirigent Michael Pavelich presentere eit variert og spennande konsertprogram med utdrag frå spela Final Fantasy, Assassin’s Creed, Battlefield, The Last of Us, Bloodborne og Journey med fleire. Vi vonar på stor oppslutnad frå publikum i alle aldrar, og om du er forelder eller besteforelder, er det beste bursdags- eller julegåvetipset til vaksne eller halvvaksne barn eller barnebarn billettar til ein av våre tre konsertar. Og du skal sjølvsagt gå saman med dei!

Dataspel er dei unge sin scenekunst – mange har vakre kostyme, scenografi, magisk lyssetting, episk musikk, heltar og heltinner, skurkar og gode hjelparar og skildrar kampen mellom det gode og det onde, akkurat som i opera! Velkomen til ein VAKKER, mektig, stemningsfull, rørande, lidenskapeleg og annleis konsert som garantert vil engasjere og glede vårt publikum. Du er sjølvsagt hjarteleg velkomen til å kle deg ut som ein av dine favorittfigurar – eller kom som du er, kleskoden veljer du sjølv!

Sjå smakebitar frå konserten på STV2 her: https://www.youtube.com/watch?v=-PkdLMIz-Ys

Dersom du vil vere med i trekninga av 2 billettar til kvar av konsertstadene, finn oss på Facebook og delta i vår konkurranse. Alt du treng å gjere, er å like oss og skrive inn i kommentarfeltet kva som er ditt favorittspel.

Stad
Parken Kulturhus
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.