Praktutgåve av Symra

Bokomslag Ivar Aasens diktsamling Symra. Redigert av Terje Aarset. Omslag: Fagbokforlaget.
Laurdag, 23 november, 2013 klokka 13:00

Terje Aarset fortel om den nye utgåva og arbeidet med boka. Hovedbiblioteket, laurdag 23. november kl. 13.00. Boksal. Alle er hjartleg velkomne!

Frå baksideteksten på den nye utgåva:

Symra er vårblomen som varslar sommar. Diktsamlinga Symra, som Ivar Aasen gav ut anonymt i 1863, bar òg bod om ein nasjonal sommar i åndslivet og ein ny litteratur i den språkforma Aasen skapte, nynorsken. Symra er ei klassisk bok i norsk litteratur.

Symra handlar om landet, historia, tradisjonen, årstidene og menneskelivet. Her er dikt om naturen, arbeid, kjærleik, klokskap, sanning, tilgjersle, tru og von.

Dikta skulle syngjast, og mange var dikta til kjende tonar. Den mest kjende songen i Symra er ”Mellom bakkar og berg”, ein av dei få songane nordmenn flest kan utanboks, og av mange rekna som vår andre nasjonalsong.

I denne nye utgåva ved Terje Aarset er det i tillegg ei rekkje tekster som kastar lys over Symra som litteratur, om språket og musikken, om dei ulike utgåvene som er komne sidan 1863, om Aasen-dikt i omsetjing, om Jakob Kobberstad, som stod for notetillegget i 1875-utgåva, om Aasen i songbøkene og Aasen-dikting på plate.

Boka er rikt illustrert og har ny notesats, for fyrste gong på over hundre år.

Kjelde: Ålesund Bibliotek

Stad
Ålesund Bibliotek
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.