Negativ optimist med Andre Ulveseter

Negativ optimist med Andre Ulveseter. Pressebilete. Fotokjelde: Ørsta Kulturhus.
Negativ optimist med Andre Ulveseter. Pressebilete. Fotokjelde: Ørsta Kulturhus.
Onsdag, 17 oktober, 2018 klokka 19:00

eit standupshow av og med André Ulveseter

Kan like gjerne være optimist – det går jo til helvete uansett.
Negativ optimist er ein fin betegnelse på André Ulveseter som mislikar mykje, men ofte på ein relativt optimistisk måte. Han tenkjer f.eks. at ein fjelltur kjem til å bli helt forferdeleg, men på den positive sida så kjem den neppe til å ta livet av han. Den kleine samtalen om at «nå må vi ta den kaffien snart» med folk man har eit perifert forhold til, som heldigvis er minst eit år til man har neste gang. Han syns det er noko herk å bli stoppa i tollen, men er glad han stort sett går i pluss. I dette showet får mange gjennomgå, bl.a. syklistar, politikarar, allergikarar – men kanskje mest av alt han sjølv.

Negativ optimist er eit standupshow med høgt tempo av ein rutinert komikar som har over 20 år bak seg på scena. Éin mann, éin mikrofon – slik det skal være. Showet hadde premiere på Lille Ole Bull i Bergen 16. februar i år, og spilte der for to fulle hus.

André Ulveseter er nok, til tross for sine 20 år bak seg som komikar, mest kjent for Facebook-sida si og sine to bøker «Bilder i kampen mot særskrivingsfeil», som har over 184 000 følgjarar. Dei siste tre åra har han reist rundt med foredraget «Ett ord» som omhandlar dette temaet, og har gjort over 400 foredrag for skular, firma og opne arrangement. www.facebook.com/ettord

Negativ optimist er André Ulveseter sitt andre soloshow som standupkomikar. Det første, «Plenum», blei be lønna med ein femmar i Sunnmørsposten med kommentarar som: «Vi bare ler, før vi ler enda mer!», og hausta fine omtalar landet rundt. Førestillinga blei spilt i bl.a. Bergen, Oslo, Stavanger, Ålesund, Bodø m.fl.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.