Mio Min Mio

Mio min Mio. Pressefoto. Fotokjelde: ID-huset.
Mio min Mio. Pressefoto. Fotokjelde: ID-huset.
Laurdag, 6 oktober, 2018 klokka 18:00

Mio min Mio av Astrid Lindgren Historia om Mio og kampen om det gode har gleda barn i fleire generasjonar. Opplev Astrid Lindgren sitt magiske univers i denne eventyrlege teaterframsyninga.

Bo Vilhelm Olsson er foreldrelaus og bur heime hos tante Edla og Onkel Sixten. I dag har han lova å poste eit brev for fru Lundin. For det har han fått eit eple. Men når han skal poste brevet, klarar han ikkje å la vare å lese det.

Brevet er til Kongen i Landet i det fjerne. Der står det at guten som kongen har leitt etter, er på veg. Og i handa har guten eit teikn; eit skinande gulleple. Bosse ser på eplet sitt, og oppdagar forbausa at det faktisk er av gull. Og med eitt skjønar han – det er han kongen leitar etter. Medan han sit der på benken finn han ei ånd i ei flaske. Ånda er frå Landet i det fjerne. Han slepp ut ånda av flaska, og kan ynskje seg kva han vil. Ta meg med til Kongen i Landet i det fjerne, ynskjer han. Og reisa kan byrje.

Stad
Ingebrigt Davik-huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.