May-Britt Moser & Trondheimsolistene

May-Brit Moser. Foto: TiTT Melhuus/ Kavli Institute for Systems  Neuroscience
May-Brit Moser. Foto: TiTT Melhuus/ Kavli Institute for Systems Neuroscience
Søndag, 19 august, 2018 klokka 19:00

Endeleg kjem May-Britt Moser til Fosnavåg med framsyninga Lost Memory - Into Whiteness

Korleis fann eg vegen hit? Eg hugsar kven du er….! Kvifor hugsar eg ingen ting? …kvar er eg?……alt er borte….!

May-Britt Moser fortel om forskinga si på ein spennande, gripande og ofte humoristisk måte. Ho er ein historieforteljar som fangar tilhøyrarane og tar oss med på ei reise langt inn i vårt eige hovud. Vi får høyre om celler som jobbar hardt natt og dag for å halde styr på oss. Som oftast går det bra, men med ca hundre milliardar celler mellom øyrene så er det ikkje rart om det går litt i surr av og til.

Mange forskjellige celler med mange forskjellige oppgåver. Eg hugsar vegen til butikken. Her kjem eit kryss. Kor fort går eg? -det fortel fartscellene meg. «Sjå opp - her kjem ein kant», ropar kantcellen, og du unngår å dette. Og sjølvsagt vil May-Britt fortelje om gridcellene. Dei som samlar saman masse informasjon og lagar kart. Kart som vi til ei kvar tid kan hente fram - når vi skal heim, til jobben, ut på kjøkenet for å sette på kaffi, kjøre bil for å besøke onkel Kåre.

May-Britt og Edvard fekk Nobelprisen i 2014 for oppdaginga av hjernen sin GPS, der gridcellene spelar ei sentral rolle.

Og kva skjer når cellene våre, som har i seg så mykje informasjon, døyr?
Kvar bur eg? Kven er du? Kvifor er eg her? Eg vil heim til mor.
Den dramatiske vegen mot Alzheimers sjukdom. Kvifor - kva er det som skjer - og kan sykdommen stoppast?

Framsyninga er resultatet av eit samarbeid over fleire år mellom forsking, musikk, film og musikarar. Først musikkstykket «Khroma» i Trondheim til feiringa av Nobelprisen, så «My Running Rat» i Chicago, så «Lost Memory» på Cuba, i Oslo og Trondheim, så «Into Whiteness» under Stephen Hawking sin Starmus Festival og no ved Fjord Cadenza i Ålesund og Fosnavåg.?

Medverkande:
May-Britt Moser - professor ved NTNU. Nobelprisvinnar.
TrondheimSolistene - under leiing av Øyvind Gimse.
Bertil Palmar Johansen - komponist.
Johan Magnus Elvemo - filmskapar, NTNU

Stor takk til Steinar Larsen (TS) og Tor Grønbech (NTNU) for pågangsmot, gjennomføringsvilje og inspirerande innspell under arbeidet med framsyninga.

Stad
Fosnavåg Konserthus
Gerhard Voldnes veg 7
6091
Fosnavåg
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.