Lilly Valentin

Lilly Valentin. Pressebilete. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Lilly Valentin. Pressebilete. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Laurdag, 24 mars, 2018 klokka 19:00

Hei pusen min… E stikke bare en bitte liten tur til Hellas en fjortendagerstid e…. Da må du fikse maten og underbuksene dine sjøl.

Venninna til Lilly er feminist. Ho har invitert Lilly med til Hellas. Og Lilly har svært lyst til å reisa. Ungane er vaksne og ekteskapet kjennest etterkvart litt einsamt. Det er vanskeleg å få sagt det til Johannes, mannen hennar. Så då Lilly endeleg finn motet og dreg til Hellas ligg det berre ein lapp på kjøkkenbenken og 14 frosenmiddagar i frysaren.

Reisa til Hellas vert byrjinga på ei mykje større reise for Lilly.

Den morosame, hjartevarme og kloke monologen Lilly Valentin er kjend og elska over heile verda.  Ei kvinne som heile livet har vore noko for andre, bestemmer seg plutseleg for å vera noko for sin eigen del. Og på vegen mot det målet vert me inviterte inn i det ufatteleg morosame og rike indre livet til Lilly. Noko som ho elles har halde godt skjult. Ho får sagt det, Lilly. Særleg når ingen andre høyrer på.

Sjølv om fridommen ikkje alltid er like lett å bera, så lønner det seg for Lilly å våga å venta seg noko meir av livet enn klesvask og ball på torsdagar.

Det er ikkje fyrste gongen Astrid Overaa lyftar rolla som Lilly Valentin. For femten år sidan gjekk folk mann av huse for å sjå Astrid spela Lilly Valentin. Det håpar me at dei vil gjera denne gongen òg. No har me bede regissør Philipp Stengele om å gjera ei ny oppsetjing – om ei kvinne som er femten år eldre. Men som framleis ventar seg meir av livet.

Regi og visuelt uttrykk: Philipp Stengele
Med: Astrid Overaa

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement). Frå medio januar 2018 vil du også få kjøpe billettar i kafeen ved Ulstein Arena.

Billettpris 
Tidlegkjøp-pris (t.o.m. 15. desember) kr 195,-
Etter 15. desember kr 295,-
 

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Overnatting og mat
Treng du overnatting eller ynskjer å ete i samband med konserten? Sjøborg kulturhus er samlokalisert med Quality Hotel Ulstein. Ta gjerne kontakt med dei for tilbod på overnatting og mat, telefon 70013000 eller epost q.ulstein@choice.no.

Forestillinga varer 1 time 40 min (inkl pause).

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.