KONSERT // Backstreet Girls

Backstreet Girls. Pressefoto. Fotokjelde: Ørsta Kulturhus.
Backstreet Girls. Pressefoto. Fotokjelde: Ørsta Kulturhus.
Laurdag, 23 september, 2017 klokka 20:00

Backstreet Girls har i over 30 år spelt i eliteserien i norsk rock. I fjor kom den fantastiske dokumentarfilmen "Tilbake til Muotathal", ein rockumentary som viser bandet frå mange vinklar, utan softfilter. No kjem dei endeleg til Ørsta kulturhus for å spele eit konsist og garantert overstyrt konsertsett, med høgoktan pønka boogierock! Festsalen er arena for konserten.

18 års aldersgrense grunna skjenkeløyve, ta med gyldig legitimasjon.

Vi opnar dørene kl. 20:00.

Support: Stingray går på scena ca kl. 21.

«Jeg vil nødig bruke ordet ekte, men jeg kan peke på noen andre som kan si det. I en meget striglet musikkvirkelighet oppleves de som noe genuint. Og selv om man skulle ha andre, eventuelt mer utviklede, musikalske preferanser enn bandets rock’n’roll, er det meget vanskelig ikke å umiddelbart merke appellen i spetakkelet.» – Audun Vinger, DN

Support: Stingray

Likar du lyden av eitt par stk Marshallar på 11, fengande 3-greps rockelåtar og ei kald øl eller to, då er Stingray bandet du bør ta turen for å høyre! Desse karane tek sannsynlegvis frå deg både pusten og trommehinnene med sitt forrykande show, her er ingen 13 minutts gitarsoloar eller anna jåleri! Etter oppstarten i 2007 blei dei fort publikumsfavorittar, og har dei 10 siste åra spelt rundt om i landet. I fjor slapp dei sin første langspelar "Sucker Born Everyday". Bandet jobbar for tida med eitt par heftige låter, og planlegg å sleppe desse til hausten. Dei blir å høyre denne kvelden. Sist dei spelte på kulturhuset i høve visning av filmen "Tilbake til Muotathal" var det stor stemning, og dei er no storklare for å varme opp for dei levande legendene i Backstreet Girls.

 

Bandet består av

Kåre Myklebust: Gitar

Jossi Cash: Vokal og gitar

Kenneth Busch: Bass

Tore Ørstavik: Trommer

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.