Har samla historiene til 1300 låvar i Noreg

Norges låver av Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth (Foto).
Søndag, 16 november, 2014 klokka 16:00

Forfattar og journalist Eva Røyrane kjem til Ivar Aasen-tunet søndag 16. november med praktboka Norges låver. Gjennom historier og bilete presenterer ho mangfaldet frå velhaldne til forfalne låvar, samt spennet frå tradisjonelle til arkitektteikna. Du får også sjå spesialiserte driftsbygningar frå nyare tid og gamle landbruksbygg som har fått nytt innhald gjennom nye former for næringsverksemd.

Boka tronar øvst på salstoppen for faktabøker og eit nytt opplag er allereie bestilt. – Det er ikkje tvil om at denne boka kjem til å liggje under mange juletre i år, seier programansvarleg Åshild Widerøe i Aasen-tunet.

Fotograf Oddleiv Apneseth og journalist Eva Røyrane har reist gjennom alle fylke for å dokumentere det svært mangfaldige norske låvelandet. Resultatet er ei praktbok, som med sine 564 sider og over tusen foto er det største verket som er laga om denne delen av norsk kulturhistorie.

– Boka er ein honnør til låven, den gamle slitaren som har blitt ståande i skuggen av verneverdige våningshus og dekorerte stabbur. Dette brukshuset har vore med på å forme kulturlandskapet landet rundt. Vi kan ikkje førestille oss norske bygder utan raude låvar. Men vi ser at mange av desse uthusa no blir borte, medan andre står til forfalls. Difor meinte vi at det var på tide å dokumentere denne delen av bygningsarven, seier Røyrane.

Låven har vore eit landemerke i det norske kulturlandskapet i fleire hundre år og er eit signalbygg som viser den sentrale posisjonen bonden og landbruket framleis har her i landet.

Norges låver er på same tid eit nasjonalt praktverk og lokalboka for heile landet. Boka samlar historia om ein viktig del av vår felles kulturarv, før den ikkje lenger let seg dokumentere.

Forfattar Eva Røyrane har mellom anna jobba som reportasje- og kulturjournalist i Bergens Tidende i ei årrekkje og har skrive mykje om bygdeliv, arkitektur og bygningsvern. Ho har også gitt ut fleire bøker med lokal- og arkitekturhistorie som tema.

Kafeen og butikken held ope både før og etter arrangementet. Søndag er det rømmegraut med tunpølse frå Åsen som står på menyen og i butikken er det er mange gode tilbod.

Stad
Ivar Aasen-tunet
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.