Halvdan Sivertsen - Ennu ikke landa

Halvdan Sivertsen har "Ennu ikke landa". Pressefoto.
Halvdan Sivertsen har "Ennu ikke landa". Pressefoto.
Fredag, 20 oktober, 2017 klokka 19:30

Halvdan Sivertsen har «Ennu ikke landa», og er klar med ny plate og ny turné. Igjen skal han glede eit stort og entusiastisk publikum frå kulturhusscener over heile landet.

Utgangspunktet for turnéen er den nye plata, men publikum får og gjenhøyr med kjende og kjære hits og klassikarar. Med mykje strengeleik og vokalharmoniar, og toppa med ein solid dose nordnorsk humor, tyder alt på at dette blir ein strålande kveld.

”Ennu ikke landa” er ein hyllest til livet frå ein moden mann som har mykje på hjartet, men samstundes eit uttrykk for at vi svevar rundt uten vilje til å sjå den harde landinga som ventar oss alle, dersom vi ikkje tek vare på denne stakkars kloden vår, kjærleiken, venskapet og dei som treng oss. Og... dersom vi sjølv ikkje blir tatt vare på. Dette skriv Halvdan Sivertsen songar om, og dette har det blitt ein livslang karriere av, der fleire generasjonar møtast på konsert for å lye, synge med, le og kanskje tørke ei tåre eller to i møte med entertaineren frå Bodø.

Vi kan love ein, i beste forstand, typisk Halvdan-konsert:
Følgt av eit glimrende, heilakustisk band, blir det ein kveld med kort veg mellom ellevill gapskratt og det djupaste alvor. Med skråblikk på oss sjølve, samfunnet rundt oss og tida vi lever i. Med dei mjuke balladene og dei fengende refrenga ein Halvdan Sivertsen-konsert alltid byr på.

Ikke landa ennu du heller? Velkomen på konsert.


Foto: Raymond Engmark

Medarrangør: Storfjord Veterinærservice.

 
Stad
Storfjord Kulturhus
Øyna 1
6201
Stranda
Kommune: 
Tema: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.