Høstsonaten

Høstsonaten. Pressefoto: Teatret Vårt.
Høstsonaten. Pressefoto: Teatret Vårt.
Fredag, 13 april, 2018 klokka 19:00

Inderleg oppgjer mellom mor og dotter.

Å meistre det ekstraordinære, men feila i det trivielle. Å mista det nære for å få det fjerne. Om å villa men ikkje kunna. Om nederlaga frå barndommen og prisen for å vera berømt. Om kva me ventar av oss sjølve og kvarandre.

Etter fleire år på europaturné reiser konsertpianisten Charlotte Andergast attende til Noreg for å vitja dottera si, Eva. Mor og dotter har ikkje sett kvarandre på sju år. Eva bur no i prestegarden saman med ektemannen, biskopen Viktor. Charlotte veit ikkje at den andre dottera hennar, Helena, som ho ein gong sette vekk på ein heim for nevrologisk sjuke, no bur hjå Eva og Viktor.

For Charlotte og Eva er dette ein sjanse til å endeleg snakka ut. Men kan ein det? Kvifor reiser Charlotte i det heile teke attende? Kva håpar Eva at besøket skal ha å seia? Forventingane deira til kvarandre er både store og usikre på same tid.

Ingmar Bergmann var ein av dei største film- og teatermakarane frå si tid. I 2018 feirar me at det er 100 år sidan han vart fødd, med å setja opp Høstsonaten. Bergmann skriv sjølv om handlinga: Ei mor og ei dotter, for ein redslefull kombinasjon av kjensler og forvirring og øydelegging. Alt er lov, og alt skjer i namnet til kjærleiken og omsorga.

Filminnspelinga av Høstsonaten (1978) gjekk føre seg på Midsund i Møre og Romsdal. Med Moldepanoramaet som bakteppe, glitra verdsstjernene Ingrid Bergmann og Liv Ullmann om kapp i Ingmar Bergmanns regi.

Med oppsetjinga vår av Høstsonaten vil me òg hylla Vivi Sunde. Etter over 40 år i ensemblet spelar ho no si siste framsyning som fast skodespelar ved Teatret Vårt.

Regi: Terje Skonseng 
Scenografi og kostymedesign: Thomas Bjørnager 
Lysdesign: Finn Landsperg
Med: Vivi Sunde, Johanna Mørck, Bjørnar Lisether Teigen, Michelle Heedal

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement). Frå medio januar 2018 vil du også få kjøpe billettar i kafeen ved Ulstein Arena.

Billettpris 
Tidlegkjøp-pris (t.o.m. 15. desember) kr 195,-
Etter 15. desember kr 295,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Overnatting og mat
Treng du overnatting eller ynskjer å ete i samband med konserten? Sjøborg kulturhus er samlokalisert med Quality Hotel Ulstein. Ta gjerne kontakt med dei for tilbod på overnatting og mat, telefon 70013000 eller epost q.ulstein@choice.no.

Forestillinga varer 1 time 30 min (inga pause).

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.