Frå Versailles til Valdres

Bokomslag. Frå Versailles til Valdres.
Onsdag, 4 november, 2015 klokka 19:00

Foredrag og broderikafé i Aasen-tunet.

Er dei lokale draktskikkane berre fortolkingar av den europeiske motedrakta eller er dei sjølvstendige kulturelle ytringsformer? Dette er eitt av temaa forfattar Magny Karlberg vil ta opp når ho kjem til Aasen-tunet med boka Frå Versailles til Valdres. Ei drakthistorisk reise onsdag 4. november.

Er brodert rosesaum berre ein impuls frå den europeiske rokokkomoten eller også ein folkeleg uttrykksform med lange tradisjonar i gamle norske folkedraktområde? Kva er tradisjon, og kva er impuls? Denne onsdagskvelden får vi vite meir om dette og andre spennande spørsmål knytt til folkedrakter og bunader. Magny Karlberg var direktør i det tidlegare Bunad- og folkedraktrådet frå 1980 til 2006.

Boka Frå Versailles til Valdres. Ei drakthistorisk reise har Valdres som geografisk utgangspunkt, men endringar og utvikling i den folkelege draktskikken i dette dalføret finn ein att også i andre tradisjonsområde. Slik bidreg ho til utvida forståing av draktskikken i heile Noreg. Boka er rikt illustrert med over 500 fotografi og illustrasjonar av klede og draktdelar, kunstbilete og demonstrasjonar av påkledning.

Dette er ei etterlengta bok – for allment interesserte og for dei som vil gå djupare inn i drakt- og tekstilhistoria. Praktverket er eit resultat av 40 års forskings- og dokumentasjonsarbeid og er eit viktig bidrag til fornya kunnskap om norsk drakthistorie.

Etter foredraget blir det broderikafé i samarbeid med husflidslaga. Dei har laga klar små broderipakkar ein kan kjøpe denne kvelden. Byrjar ein å brodere same kvelden, kan ein få god rettleiing av røynde syarar. Broderipakkane er med ulike mønster, og ein kan brodere med tråd både i bomull og ull, og ein kan få lære ulike typar sting.

I kafeen blir det sal av te, kaffi, kake og brødskiver med tradisjonsrikt pålegg.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Skald forlag, Ørsta husflidslag og Volda husflidslag.

Stad
Ivar Aasen-tunet
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.