Foredrag med Geir Lippestad

Geir Lippestad. Pressefoto. Fotokjelde: Ørsta Kulturhus.
Geir Lippestad. Pressefoto. Fotokjelde: Ørsta Kulturhus.
Tysdag, 18 september, 2018 klokka 16:00

"Verdiar gir oss ein plattform for felles haldningar, felles retning og felles adferd". 

Geir Lippestad er tidlegare kåra til "Årets namn", "Årets kommunikator" og "Årets foredragshaldar". Tysdag 18. september kjem han til Ørsta kulturhus for å dele sine erfaringar med oss! 

I sitt foredrag tek han utgangspunkt i grunnleggande verdiar som menneskjeverd, menneskjesyn og toleranse. 

På ein personleg og engasjerande måte får han fram kva veg han har gått for å kome dit han er i dag, og korleis denne ferda har prega han som advokat, forsvarar og menneskje. Takka vere verdibasert kommunikasjon har han no ein ståstad og ein integritet som vert beundret av dei fleste.

Geir Lippestad er advokaten som har erfart viktigheita av å kommunisere på ein klok måte når verda eller tilværa rundt er i ferd med å gå av hengslane. 

Han er for dei fleste kjent som forsvarsadvokaten i 22. juli-saka. Han har òg brei erfaring frå arbeidsrettens felt som advokat og har også bakgrunn fra eigedomsjus og som forsvarar. 

I september kjem han til oss med overskrifta "Verdiar og samarbeid" - eit foredrag til inspirasjon og ettertanke. Vi håper mange ønskjer å delta! 

Arrangør: Round Table Ørsta og Ørsta kulturhus og kino. 

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.