Fjord Cadenza - utstilling ved Eldar Parr

Kunst av Eldar Parr. Alle rettigheter: Eldar Parr. Fotokilde: Fjord Cadenza.
Onsdag, 9 august, 2017
Torsdag, 10 august, 2017
Fredag, 11 august, 2017
Laurdag, 12 august, 2017
Søndag, 13 august, 2017
...og vidare enda fleire datoar.
Vis/skjul alle datoar

Salgsutstilling med kunstnar Eldar Parr i regi av Lions på Jentekolonien. Utstillinga er open kvar dag under festivalen.
Ons-Fre 17-22. Laur 12-22. Søn 12-16.

Det er med stoltheit Fjord Cadenza og samarbeidspartnar Lions Club Skodje kan presentere årets festivalkunstnar 2017, Eldar Parr.

Eldar Parr er fødd i 1963 og er opphaveleg frå Hellesylt på Sunnmøre. Han bur no i Oslo men er heime på Sunnmøre so ofte det er mogleg. Eldar har ein solid kunstbakgrunn frå Statens kunst- og handverksskole (1988-1991) og gjekk i lære hos malar og skulptør Oddmund Rauberget i perioden frå 1991 til 1992. Eldar var i nokre år òg tilknytt Nerdrum-skulen med dei klåre og karakteristiske biletutrykka denne representerte. Kunstverk frå denne skulen har blitt beskrivne som «arkaiske figurar i golde landskap» eller som «einsame sjeler i ei fiendtleg verd». Men kunstnaren har sidan bevega seg mot eit lettare formspråk i bileta med meir lys, luft og klarheit. Dei ulike skuleringsformane har bidrege til ein særskilt stil som kjem tydeleg til uttrykk i kunstverka. Eldar har blitt kalla både en modernist i fåreklede og ein romantisk surrealist. Sjølv ser han seg som ein slags minimalist.

Eldar Parr er mest kjend for sine vandrarmotiv og er representert på ei rekke galleri i Noreg. Bileta er ofte befolka av figurar som forsvinn ut i horisonten eller som kjem mot deg i biletet. Gjennomgangstematikken i Parr's bilete er kollektivitet og samhandling, og at ein kan sjå på figurane som flere aspekt av ein og same person. Parr beherskar fleire uttrykksformer så vel tematisk som stilistisk. Primært arbeider han med teikning, grafikk og måleri, men har òg jobba som utsmykningskunstnar og kunsthandverkar.

Parr stiller ikkje ofte ut på Sunnmøre så her er eit godt høve til å bli kjent med kunsten, kunstnaren og samtidig gjere gode kjøp.

Eldar sine bilete er populære, og dei som ønskjer seg ein original frå Eldar Parr må vere tidleg ute. Salsutstillinga opnar onsdag 09. august kl. 17:00 med eit musikalsk innslag og er open til søndag 13. august kl. 16:00. Sjå øvrige opningstider i programmet.

http://www.eldarparr.no/
https://www.fineart.no/doc/parr_portrett

Stad
Jentekolonien
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.