Fjord Cadenza - Avslutningskonsert

Eva Weel Skram in Symphony. Pressefoto. Fotokilde: Fjord Cadenza.
Eva Weel Skram in Symphony. Pressefoto. Fotokilde: Fjord Cadenza.
Søndag, 13 august, 2017 klokka 19:00

Eva Weel Skram in Symphony, August Schieldrop i samspel med Kaunas City Symphony Orchestra under leiing av Rune Bergmann og festivalkomponist Bertil Palmar Johansen byr inn til ein storslått og forrykande avslutningskonsert på Gomerhuset!

Eva Weel Skram, som for mange er kjend frå bandet Eva & The Heartmaker, har lagt to fantastiske år bak seg etter at ho deltok på "Kvar gang vi møtes". Der song ho seg inn i mangt eit hjarte mellom anna med den vakre tolkinga av Henning Kvitnes si låt "Evig eies",

Sidan den gong har ho saman med sin ektemann og gitarist, Thomas Stenersen, allereie rukke å turnert fleire gongar Norge rundt for fulle hus. På samvitet har ho mellom anna to utselde hus i Operaen i Oslo og ei drøss med festival-opptredenar, for å nemne noko.

Fjoråret blei vidare toppa med tittellåten «Selmas Sang» til NRKs nye juleklassikar «Snøfall», som vart svært populær i de tusen heimar. I tillegg blei ho i 2016 mor for første gong, og mens livet som turnerande småbarnsforeldre er utfordrande, finn Eva styrke i dei fantastiske tilbakemeldingane ho får frå publikum kvar enn ho spelar konserter.

Med seg på turné i år har ho heilt nye låtar frå sitt første norskspråklege album som er under innspeling no, i tillegg til utvalde låtar frå Hver Gang Vi Møtes, gamle hits ikledd ny drakt og ei og anna overrasking.Eva er ikkje framand for å by på seg sjølv frå scena, så om du har lyst å bli betre kjent med både Eva og hennar nydelege stemme er det berre å glede seg til konsert.

Gå ikkje glipp av Eva in Symphony når ho 12. og 13. august gjev to konsertar, laurdag kveld i Fosnavåg Konserthus og søndag i samband med Fjord Cadenza sin avslutningskonserten på Gomerhuset i Skodje! Dette vert stort!

 
Stad
Gomerhuset
Stadionvegen 25
6260
Skodje
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.