En mann ved navn Ove

En mann ved navn Ove. Plakat: Riksteatret.
En mann ved navn Ove. Plakat: Riksteatret.
Laurdag, 17 februar, 2018 klokka 19:00

Av Fredrik Backman. Dramatisert av Marie Persson Hedenius m.fl.

Sven Nordin i ei teaterframsyning om kjærleik, ordentlege verktøy og om kor viktig det er å køyre Saab.

Suksessromanen En mann ved navn Ove blei i fjor til både film og teater. I Stockholm fekk oppsetninga strålande mottaking og blei omtalt som «feelgood-teater med meining». Over 60 000 publikummarar har så langt sett framsyninga. No kjem teaterversjonen til Noreg med Sven Nordin på scenen.

Ove er 59 år og køyrer Saab. Han er sur og tverr og alle naboane sin skrekk. Kvar morgon går han på ein inspeksjonsrunde i burettslaget for å sjå at alt er på stell. Det trass i at han for lengst er avsett som styreleiar – ei hending han sjølv omtalar som statskuppet. Ove sparar på straumen og prutar i butikken, og har alltid eit uvennleg ord til dei fleste. Vi kjenner alle ein mann som han. Men under overflata på denne innbitte, steile mannen finst ein annan Ove. Ein einsam mann som sørger over tapet av kona si.

-Reisa frå gretten gubbe til et samansett og sårbart medmenneske, er vakker, seier Sven Nordin. Regien er ved Bjarni Thorsson, som tidlegare har hatt suksess med Nordin med framsyningane Hulemannen og Pappaen. Han er ikkje i tvil: Sven Nordin er som skapt for rollen som Ove.

Med Sven Nordin. Av Fredrik Backman. Dramatisert av Marie Persson Hedenius, Johan Rheborg og Emma Bucht. Oversatt av Nina M. Due. Regissør: Bjarni Thorsson. Scenograf og kostymedesignar:  Finnur Arnar. Musikk: Frank Hall. Produsert av Thorsson Productions og Oslo Nye Teater.

På turné med Riksteatret vinteren 2018.

Speletid: 1 time og 20 minutt

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.