Digitale forteljingar

Illustrasjon. Digitalt fortalt.
Laurdag, 11 april, 2015 klokka 13:00

HIFO Nordvestlandet inviterer til seminar: Digitale forteljingar.

Program:

13.00-13.45: Kari Hasle: Digitale forteljingar i historiefaget
14.00-14.45: Jan Aakvik: Digitale forteljingar i kultursektoren
15.00-15.30: Arnfinn Kjelland: Dynamikken i skriftlege digitale forteljingar – om lokalhistoriewiki.no
15.30 – 16.00: Diskusjon

Kari Hasle: Digitale forteljingar i historiefaget
Korleis kan arbeidet med digitale forteljingar fremje læring i historiefaget i skulen? Samanhengen mellom historiefagleg innhald og metode- og kjeldearbeid skal vere tydeleg for elevar i grunn- og vidaregåande opplæring. Digitale forteljingar er ein tilgjengeleg undervisningsmetode som kan styrke lærarars didaktiske kompetanse, fremje elevars læring i faget og intensjonar uttrykt i læreplanen. Arbeidet med digitale forteljingar kan vere med på å bygge bru mellom teori og praksis, og ikkje minst bringe personlegdom, kunnskap og kreativitet inn i faget. Innlegget vil reflektere over erfaringar med bruk av digitale forteljingar i undervisning i historiefaget i lærarutdanningane, samt gi fleire konkrete døme på ulike digitale forteljingar laga av elevar, studentar og lærarar i faget. Kari Hasle er høgskulelektor ved institutt for planlegging, administrasjon og samfunnsfag, Høgskulen i Volda.

Jan Aakvik: Digitale fortellinger i kultursektoren
Digitalt fortalt ble etablert i Kulturminneåret 2009 og er i dag på samme tekniske plattform som Digitalt Museum. DF er et verktøy for å bygge kompetanse i digital formidling og en sentral metode i arbeidet med brukermedvirkning. Nettstedet har mange personlige fortellinger fra privatpersoner og kulturinstitusjoner. Arkiv, museum, historielag osv. er rene skattkamre og inneholder mange spennende historier fra samtiden og fra fjern og nær fortid. I tillegg nyttes blant annet infrastrukturen i Digitalt fortalt for å hente ut innhold som skal formidles i mobile tjenester. Jan Aakvik orienterer om nettstaden. Jan Aakvik er redaktør for Kulturnett Møre og Romsdal ved Interkommunalt arkiv i Møre og Romsdal.

Arnfinn Kjelland: Dynamikken i skriftlege digitale forteljingar – om lokalhistoriewiki.no
Nettstaden lokalhistoriewiki.no er en plattform for skrivne digitale forteljingar, gjerne med illustrasjonar og lenker til eksterne kjelder og / eller forklarande eller utdjupande interne artiklar. Wikiteknologien gjer at innhald kan oppdaterast fortløpande, og at alle endringar av innhaldet blir dokumentert med kven som har gjort endringa og tidspunkt. Nettstaden blir drive av Norsk lokalhistorisk institutt, ein institusjon under Kulturdepartementet, som sikrar permanent drift. Det er gratis å bruke nettstaden, også til lokalt initierte prosjekt, som til dømes «Sykkylven leksikon». Arnfinn Kjelland orienterer om nettstaden og demonstrerer bruken. Arnfinn Kjelland er førsteamanuensis ved Historisk institutt, Høgskulen i Volda.

Stad
Sunnmørsposten
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.