"Den lille havfruen" Barneteatret Vårt

Den lille havfruen. Foto: Barneteatret Vårt.
Den lille havfruen. Foto: Barneteatret Vårt.
Fredag, 29 september, 2017 klokka 18:00

Undervassmagi for heile familien. Bli med inn i H. C. Andersens fantastiske undervasseventyr. Nede under havoverflata ventar prinsar og havfrueprinsesser, havhekser og havkongar – og draumen om å finna ekte kjærleik.  

På botnen av havet finst skogar av planter som vaiar i vatnet nett slik som trea på landjorda gjer i ein bris. Små og store fiskar glid ut og inn gjennom havplantene slik fuglane flyg mellom trea oppe over havoverflata. I den aller djupaste delen av havet ligg palasset til sjøkongen der sjøfolket lever. Her er veggane laga av lyserosa korall, vindauga av det klaraste rav. Taket er laga av små skjel som opnar og lukkar seg med små perler inni, og alle dei seks døtrene til havkongen sym ut og inn av palasset heile dagen og er lukkelege.

Den yngste av dei seks døtrene til havkongen, Den lille havfruen, er ikkje som alle dei andre. Ho drøymer om det magiske landet over havet der menneska bur. Ein dag vert lengta mot landet der oppe over havet for stort og Den litle havfrua sym opp til havoverflata og forelskar seg i vinden, sola, fuglane, skyene og i ein vakker prins. 

Vert draumen oppfylt? Får Den lille havfruen faktisk det livet ho drøymer om? Ta med deg familien og kom og sjå sjølv!

Bill: vaksne/born honnør - kr. 140,-

Gruppe (over 4 pers) - kr. 100,-

Tidlegkjøp (før 20/8) - kr. 100,-

Stad
Storfjord Kulturhus
Øyna 1
6201
Stranda
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.