Bok & Beat

Holum Trio. Pressefoto.
Holum Trio. Pressefoto.
Laurdag, 30 september, 2017 klokka 19:30

Holum trio, Trude Teige og Hans Olav LahlumNye bøker, Holum Trios beat – og ein bit av Schakendas kanelsnurrar.

Vestvang bokhandel, Herøy folkebibliotek og Fosnavåg konserthus inviterer til ein nyskaping på kulturfronten i konserthuset på kaikanten. Holum Trio er dei som ordnar med beaten denne kvelden.

Holum Trio avsluttar sin haustturné med ein heilaften på Fosnavåg Konserthus. Bandets sound og første plate “Heim” vart på mange måtar inspirert av Sunnmøres dynamiske natur, og bandledar Vegard Kvamme Holums heimstad Fosnavåg. Dei syns difor det er på sin plass å avslutte turnéen i Herøys storstove.

Holum Trio jobbar i desse dagar med materiale til sitt andre album. På denne plata ønskar dei å hente inspirasjon “abroad” og føler dette er ei naturlig utvikling av bandets musikalske univers. Bandmedlemane har i tida etter den første plata vore mykje på reisefot og ønsker no å implementere nokre av dei nye uttrykka i sin musikk.

Holum Trio er:
Vegard K.Holum - trompet, vokal
Stian A E Andersen - kontrabass, vokal
Øystein Aarnes Vik - trommer, klokkespill, vokal

Holum Trio er noko så sjeldent som ein trompettrio. Bandet utforskar krysninga mellom improvisasjonsmusikk og meloditeften i moderne pop. Dette resulterer i musikk som er utadvendt og tilgjengelig, framsynt og open. Med ei særeigen instrumentsamansetning der musikarane gjev rom for melodiske og dynamiske klangflater og vågar å la ein enkel melodi skape spenning, skapar trioen ny norsk og særeigen jazzmusikk.

I januar 2015 slapp Holum Trio si debutplate på Karl Seglems NORCD. "Heim" er inspirert av Sunnmøres dynamiske natur og blei spelt inn på Ocean Sound Recordings på Giske sommaren 2013.

“ ... et vakkert album fra en trio som folk både hjemme og ute bør merke seg.” 
- Jan Granlie

“Vegard Holum er solotrompetist av klasse, og med tittellåten “Heim” set dei tidleg fart på eit album som dei alle har skodd seg vel til. Ein sikker debut
- Roald Helgheim, Dagsavisen

Høyr plata og les meir om bandet her:
www.holumtrio.com

Og dette blir ein storkveld med rom for mange typar kultur. I lag med Holum Trio kjem også ein trio av forfattarar. To er alt klare; Trude Teige og Hans Olav Lahlum. Desse to krimforfattarane skal fortelje om bøkene sine og snakke om krimlitteratur i samtale med Torill Myren. Så skal kvelden by på eit tredje forfattarmøte i tillegg til at ein får presentert den nyaste kokeboka til Morten Schakenda, og då med følgje av ein bit av dei berømte kanelsnurrane.

Det blir bokstand og boksal i vrimle-området, og ein kan halde fram den gode bokpraten saman med middag i restaurant Sjøkanten etter arrangementet.

Konserten er støtta av Olympic kulturfond

Stad
Herøy kulturhus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.