Beady Belle

Beady Belle. Fotograf: Egil Hansen. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Beady Belle. Fotograf: Egil Hansen. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Fredag, 9 november, 2018 klokka 19:30

Å oppleve Beady Belle live er som ein oppløftande tur gjennom fleire årtier, pop kan være jazz kan være soul kan være R´nB, men mest av alt er det et fantastisk band som gir av heile seg

Beady Belles åttende album «Dedication» blei sluppet i April 2018.
Med «Dedication» har Beady Belle samla alle inspirasjonstrådane til kjerna av kven ho er. Det er levande, organisk, energisk, cool, emosjonelt, nært og ikkje minst funky! Soul og R&B har alltid vore Beady Belle sitt hjartebarn, og på «Dedication» utfaldar ho seg i denne verda til fulle!

Musikken gir meg assosiasjoner til 70-talet", seier ho. 

"Den er live innspelt med gamle, originale instrument. Rufsete og upolert. Med grooven som kompromisslaus motor. Eg kjenner nok eit hint av mine store heltar; Stevie Wonder, Marvin Gaye, Donny Hathaway og Aretha Franklin. Samtidig som yngre soulartistar, som Alicia Keys, Raphael Saadiq, Lauryn Hill og Frank Ocean kviskrar meg bak øyret."

Liveopptredenen til Beady Belle er kjend for sin nerve og temperatur. Beady Belle har sidan tidleg 2000-tal spelt i store delar av verda - i over 160 byar i 28 land.

"Scenen er ein naturleg arena for meg. Og det er ein forlenga arm av det å skape musikk", seier Beady Belle. 
"Jeg ønsker ikkje at musikken skal stivne i ein form, for så å bli gjentatt og gjentatt. Eg vil at den skal utvikle seg og leve!".

I liveopptredenen til Beady Belle er musikken åpna opp, så det er rom for improvisasjon og leik. To Beady Belle konsertar er aldri like.
"Eg elskar å kjenne bruset i hjartet som oppstår når eg tar sjansar på scenen", smiler Beady Belle.

Uttrykket er eksplosivt og rått, samtidig som det er nært og skjørt - og med grooven solid planta i kjernen av det heile. Beady Belle sine sterke og fengande låtar blir framført av eit samspelt band, leia av ein ubestridt frontfigur.

Beady Belle har va riert sine liveband frå år til år. Noko som også er med på å understreke åpenheita i livekonseptet. Men kvar musikar er handplukka frå øvste hylle. 
"Bandet består av anerkjende musikarar som alle er virtuosar med ein tydeleg signatur i spelet sitt", seier Beady Belle, "men viktigst av alt er at vi som ei eining finn gyngen og ei felles forståing av kva som skaper framdrift. Finn vi dette, kan alt skje!", smiler ho.

Live-oppsettet til Beady Belle 2018:
Lead vokal: Beady Belle, 
Keys: David Wallumrød, 
Trommer: Bjørn Sæther, 
Bass: Marius Reksjø, 
Backing vokal: Sofie "Fieh"Tollefsbøl, Anja Martine Mørk

Stad
Herøy kulturhus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.