Arkivdagen 2013

Paradis: Det interkommunale arkivet er innholdsrikt. Foto: Bjørn Halvorsen, Sunnmørsposten
Laurdag, 9 november, 2013 klokka 13:00

Arkivparadiset i Ålesund tar vare på det meste i tilværelsen: Her kan vi finne ut hvor mange rapp forfedrene fikk over fingrene, få et gjensyn med karakterbøkene våre eller lese livsfarlige meldinger fra krigsåra.

Arkivdagen er eit samarbeid mellom arkiv i heile Norden og omfattar alle typar arkivinstitusjonar. Hensikta med Arkivdagen er å vekke interesse for arkiva som samfunnet sitt minne – både for fortid og framtid.

Denne dagen vil dei tilsette ved IKA å kunne gi deg eit lite innblikk i kor spennande og viktig arkiv er. Ein kan til dømes friste med omvising i magasina, foredrag ved krigshistoriker Jan Olav Flatmark om arbeidet til etterretningstenesten XU i Møre og Romsdal under andre verdskrigen, kvinneleg stemmerett og val, og oppleve nokre av dei mange barnestemmene i arkiva. Du får også blant anna høve til å sjå korleis ein digitaliserer arkivmateriale, søke etter ein slektning og søke i kulturdatabasar. Fotoarkivet vil denne dagen presentere arkivet etter fotograf Bjørlykke. Bygget i Kirkegata 10, også kjent som Steffenssenbygget, vil kunne opplevast i historiske bilete.

Kjelde: Bjørn Halvorsen, Sunnmørsposten

Stad
IKA Møre og Romsdal
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.