Anita Skorgan

Anita Skorgan. Pressebilde. Fotokilde: Fosnavåg konserthus.
Anita Skorgan. Pressebilde. Fotokilde: Fosnavåg konserthus.
Fredag, 22 september, 2017 klokka 19:30

Vi har kjent ho lenge. Heilt frå 1972 har ho vore aktiv som artist, komponist og musikar.

Ho vart Ungdommens Pianomester som 14-åring, ha har gitt ut over 20 album, fått Spellemannsprisen og representert Noreg i MGP 4 gonger. Mange forbinder ho med samarbeidet med Jahn Teigen på 80-talet. Ho har vore med i musicals og vore programleiar på TV og i radio.

Som vaksen artist er ho også kjend for sine varme og vakre kyrkekonsertar. Ho har ein eigen evne til å røre oss med stemmen og sitt sobre pianospel og bind det heile saman med sorgmuntre verbale innslag.

Etter «Hver gang vi møtes», saman med m.a. Ole Paus, kom Anita sin siste CD «La høsten være som den er» ut i 2013 på KKV. Med eigen musikk og norske tekstar av Terje Nordby, med svært gode anmeldingar.

Stad
Fosnavåg Konserthus
6091
Fosnavåg
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.