Veøy gamle kyrkje

Kyrkja er ei langkyrkje av murt stein. Med 400 sitjeplassar gir ho ein peikepinn på folketalet i prestegjeldet i mellomalderen. Kyrkja har vore gjennom ei rekkje ombyggingar og restaureringar (1631, 1656, 1722, 1760-90, 1832, 1858). I 1976-78 vart kyrkja restaurert under leiing av Riksantikvaren. Noverande interiør er frå tida etter reformasjonen: Vestgalleri frå 1612, altartavle frå 1625, epitafium på nordveggen i koret og lukka stol på galleriet frå 1625-30, preikestol frå 1635 og lukka stol på nordveggen i koret frå 1609-58.
Av gamle dokument går det fram at det har vore ei korskyrkje på Veøy i tillegg til den noverande fylkeskyrkja. Dette kan ha vore ei kyrkje for byen og herskapet på øya, mens Peterskyrkja var fylkeskyrkje for hele prestegjeldet.
I 1901 vart det ved kongeleg resolusjon vedteke å leggje ned Veøy gamle kyrkje som aktiv kyrkje, men ho fungerte som sognekyrkje til 1907.
I 1970 vart nordre del av Veøya freda som verna natur- og kulturlandskap (landskapsvernområde). Veøya er Noregs første landskapsvernområde med eit areal på omlag 350 dekar. Føremålet med fredinga er å bevare eit historisk kulturlandskap med eit særprega naturmiljø omkring gamle Veøy fylkeskyrkje.
(Kjelde: Romsdalsmuseet/Kyrkjene i Møre).

Kommune: 
Institusjonskategori: