Runde fyrstasjon

I 1826 vart eit lukka kullblussfyr oppført, som i 1858 vart erstatta av eit støpejernstårn. Nedste del av jerntårnet er bevart og resten flytta til Sklinna fyrstasjon i Nord-Trøndelag. Kullblussfyret vart slukka som det nest siste i Europa før Villa fyrstasjon i Nord-Trøndelag. Kullblussfyret vart sprengt vekk slik at betongtårnet i 1935 kunne byggast på same staden. Fyret har 1. ordens linseapparat. Bustader og uthus ligg samla eit stykke frå fyrbygninga. Oljebod og tidligare smie ligg ved vegen ned mot nausta og landinga. Landingsforholda er vanskelege.
Runde fyr har endra bruksområde. Ålesund og Sunnmøre Turistforening leiger no ut ca. 20 overnattingsplassar her - heile året.
(Kjelde: Norsk fyrhistorisk foreining)

Kommune: 
Institusjonskategori: