Leikanger kyrkje

Frå gamalt høyrde Leikongbygda til Rovde sokn. Det var ein vanskeleg kyrkjeveg. I 1856 vart det sett fram ynskje om å flytte kyrkja frå Rovde til Leikong. Dette vart det ikkje noko av. I 1870 vart det sendt søknad til kongen om å få oppretta eige sokn for Leikanger. Svar på denne søknaden kom frå Kyrkjedepartementet i 1871 om at det kunne opprettast eit eige sokn for Leikong og Jøsok saman med delar av Gurskedalen, Eika og Eiksund. Nokre år seinare slutta heile Eika og Eiksund seg til det nye soknet. I 1957 vart Djupvika lagt til Leikanger sokn. I 1964 vart Gurskedalen overført til Sande prestegjeld og Eiksund overført til Ulstein sokn.
Den gamle kyrkja i Ørskog skulle rivast. Det vart teke opp forhandlingar med Ørskog om å få kjøpe den gamle kyrkja. Denne handelen kom i orden, og kyrkja vart flytta og sett opp på Leikong i 1872. Kyrkja vart vigsla i 1873 av prost Madsen i Ulstein. På Leikong vart ikkje tårnet sett opp midt over taket på kyrkja, men over våpenhuset. Der stod det til det vart flytta attende til den opphavlege plassen i 1960. Noko av inventaret i den gamle kyrkja fylgde med frå Sjøholt: preikestolen frå 1642 og inngangsdøra frå 1642.
Altartavla fylgde ikkje med. Ho vart sendt til Bergen museum. Det vart sendt søknad om å få altartavla til Leikanger kyrkje, men søknaden vart avslått. Det vart då laga ein kopi av den gamle altartavla. Han kom på plass i kyrkja i 1948. Det var ei gåve frå Gerhard Voldnes. Tidlegare var der eit måleri måla av sokneprest Christensen frå 1910. Det heng no over døra på nordsida av kyrkja.
Orgel fekk kyrkja i 1927, og det står der enno. Nytt orgel kom på plass i kyrkja i 1960.
Kyrkja fekk ny klokke i 1901, den gamle vart selt til Tjørvåg gravstad.
(Kjelde: Herøy kommune).

Kommune: 
Institusjonskategori: