Krifast

Krifast er fastlandssambandet mellom Kristiansund og Frei, opna for trafikk i 1992. Sambandet er samansett av ein undersjøisk tunnel frå Flatsetøya i Frei under Freifjorden til Bergsøy. Freifjordtunnelen er over 5 km lang, og var den gong den lengste undersjøiske tunnelen i verda. Frå Bergsøya i Gjemnes er det bru over Gjemnessundet i retning Molde og Ålesund. Gjemnessundbrua var lengste hengebrua i landet då ho vart bygd. Bergsøysundbrua er ei flytebru med samband mellom Bergsøya, Aspøya og Tingvoll-halvøya. Dei to bruene er del av Europaveg 39 (E39), kyststamvegen frå Kristiansand til Trondheim. Riksvei 70 går frå Kristiansund til Oppdal.
Det var slaktermeister Ansgar Løvold som lanserte ideen om ein undersjøisk tunnel under Freifjorden i 1950-åra. Foreininga Kristiansunderen arbeidde i fleire år med ulike løysingar. I 1969 tok Kristiansund kommune opp ideen, og Knut Engdahl stilte seg i spissen for arbeidet med fastlandssambandet. A/S Fastlandsfinans vart etablert i 1973. I desember 1982 vedtok fylkestinget i Møre og Romsdal å prioritere Krifast framfor andre samferdselsprosjekt i fylket. I 1983 leverte Regjeringa ei stortingsmelding om Krifast, og to år seinere vart prosjektet med finansieringsordning vedteke i Stortinget. Den symbolske anleggsstarten skjedde i 1988 på Aspøya: Krifast-furua vart hogd, og arbeidet med vegtraseen på Aspøya var i gang.
(Kjelde: Wikipedia).

Kommune: 
Institusjonskategori: