Kors kyrkje

Ein planke i våpenhuset har denne innskrifta: "Stavkirke 1498. Viet Det helige Kors. Ombygd 1670. Flyttet til Flatmark og ombygd til korskirke 1797. Flyttet til Monge 1902. Restaurert 1964."
Ved attreisinga på Monge (Marstein) i 1902 vart noko veggtømmer skifta ut og nytt panel sett på utvendes og innvendes slik at kyrkja fekk eit nygotisk stilpreg. Ved restaureringa i 1964 vart kyrkja tilbakeført til tilnærma opphavleg utsjånad med nytt utvendes panel, nye vindauge og dører, ny himling og nye benkar. Innvendes panel vart fjerna. Arkitekt var Torgeir Suul. Kyrkja har ei berømt altartavle frå 1769 skåre av akantusmeisteren Jacob Klukstad frå Lesja.
(Kjelde: Kyrkjene i Møre).

Kommune: 
Institusjonskategori: