Kongshaugen

Opphavleg var haugen omlag 42m i tverrmål og 3m høg. Haugen er bygd av rullestein med torv over. Haugen vart utgraven allereie på 1820-talet. På botnen av haugen under ei helle vart det funne restar av ein båt, datert til omlag 245 e.Kr. Lenger opp i haugen, i eit steinsett kammer, låg ein bronsekjele av vestlandstypen med brende beinrestar. Her vart òg funne m.a. ein betalingsring av gull på 156 gram, dråpar av smelta sølv og gull, to terningar og tre spelebrikker av bein og 18 bjørneklør. Grava er frå omlag 300 e.Kr. Ein veit ikkje sikkert om båten er delar av ei grav eller t.d. restar etter ofring i myr.
(Kjelde: Mathisen, Silje Opdahl: Dei store gravhaugane i Giske kommune. 2004).

Kommune: 
Institusjonskategori: