Kongebjørka

Kongebjørka ved Glomstua i Molde er eit nasjonalsymbol og minnesmerke over den tyske okkupasjonen av Noreg. Kong Haakon og kronprins Olav vart fotograferte her av Per Bratland medan dei søkte ly under den tyske bombinga av Molde i april 1940. Bildet gjekk verda over og inspirerte Nordahl Grieg, som òg var i Molde under bombinga, til å skrive diktet "Kongen".
Treet vart øydelagt av vandalar tidleg på 1980-talet, men eit nytt vart planta av Kong Olav V i 1982. Under Nyttårsorkanen 1. januar 1992 vart treet igjen øydelagt, og eit nytt vart planta seinere same år. Samstundes vart steinstøtta med relieff av Bratland sitt bilete supplert med ei steinstøtte til minne om Kong Olav, med eit kongedikt av Knut Ødegård.
Like ved bjørka vart Fredslunden innvia av presidenten for Bjørnsonfestivalen, Knut Ødegård, i 1997.
(Kjelde: Wikipedia)

Kommune: 
Institusjonskategori: